Songen du har kjær
About the concert
Ei triveleg føremiddagsstund der publikum får påverka innhaldet. Nesten alle har musikkopplevingar som er spesielle og som fylgjer oss vidare nærast som kroppslege minne. Det kan vera bestemor sin song til deg då du var barn, ei låt du elska gjennom dei intense tenåra - eller eit klaverstykke som vart framført i ei gravferd. Me har alle eit lydspor til livet - lat oss dela dei! Musikk har ei unik evne til å formidla kjensler og setja stemningar. Ved å dela «songen du har kjær» vert me betre kjent med kvarandre og skapar sterkare band gjennom felles forbindelse og oppdaging av ny musikk. Ei delt oppleving, er ei større oppleving. ✍️ Send ditt ynskje til therese@hardangermusikkfest.no
Performers
- Olve Haugen
- Halvor Festervoll Melien
- Sanae Yoshida
The newsletter about classical music across the Nordics
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
