Huskonsert i Ballsalen
About the concert
Arrangementsinformasjon Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele) opnar dørene til heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden frå 1800-talet – ei historisk og stemningsfull ramme for ei heilt spesiell musikkoppleving. Dette er ein sjeldan sjanse til å oppleve musikk i intime omgjevnader der publikum kjem tett på både artistar og historie. Den vakre Ballsalen, som til vanleg ikkje er open for publikum, skapar ei unik nærleik og ei særegen atmosfære du sjeldan finn i vanlege konsertsalar. Saman med Vadim Borodin (klaver) og unge, lovande musikarar frå Hemsingfestivalens talentprogram FRAMR, inviterer Ragnhild til ein konsert med klassiske perler og folkemusikalske skattar. På programmet står verk av mellom andre Bach, Halvorsen, Cleve, Grieg og Milhaud. FRAMR-talent på konserten: Randi Winnem Tvedt (cello) Bård Elias Nystøyl (song) Hilda Beskow (fiolin) Aurora Haagensen Fladmoe (fiolin) Frøydis Olhans (fiolin) Jens Svenkerud fele (hardingfele)
Programme
Performers
- Ragnhild Hemsing
- Vadim Borodin
- FRAMR
The newsletter about classical music across the Nordics
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
