26. Oct
16:00 | 2025
26. Oct
16:00 | 2025
Share
Address
Ureferd
Telemark kammerorkester
,Anne Hytta
Description
Strykarar frå Telemark kammerorkester speler prosesskonsert med verket Ureferd, som er under arbeid og del av Anne Hytta sitt stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid ved NMH. Verket tar utgangspunkt i hardingfeleslåtten Tussebrureferdi på Vossevangen i form etter Knut og Johannes Dahle frå Tinn i Telemark. Slåtten finst i mange ulike variantar, og i verket søker Hytta og musikarane å gjenskape noko av den variasjonsfridomen som eksisterer i slåttetradisjonen. Noko har musikarane lært på øret etter gammal slåttelære, og noko er forma ut i møtet mellom øre, notar og grafisk notasjon. I verket ønsker Hytta å gi lyd til elastisitet; i fraseringar, tonalitet og formoppbygging. Kan det framande og det kjente vere ressursar for kvarandre? Når klassiske strykarar møter slåttetradisjonen i verket Ureferd, er ikkje målet at det skal låte som tradisjonsmusikk eller klassisk kammermusikk, men heller at dei ulike tradisjonane og kunnskapane kan gi næring til kvarandre og skape musikk som flyt fram på sin eigen måte. Velkommen til konsert! Medverkande Emilie Heldal Lidsheim (orkesterleiar og fiolin) Ragnhild Lien, Hanna Kallestad, Maria Eikefet (fiolin) Karoline Hegge, Johannes Skyberg (bratsj) Kari Sandnes, Katrine Schiøtt (cello) Nikolai Matthews (kontrabass) Forskingssenter: NordArt
Share
Programme:Anne Hytta: Ureferd
Scandinavia's largest newsletter about classical music
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
