Songen du har kjær
Om konserten
Ei triveleg føremiddagsstund der publikum får påverka innhaldet. Nesten alle har musikkopplevingar som er spesielle og som fylgjer oss vidare nærast som kroppslege minne. Det kan vera bestemor sin song til deg då du var barn, ei låt du elska gjennom dei intense tenåra - eller eit klaverstykke som vart framført i ei gravferd. Me har alle eit lydspor til livet - lat oss dela dei! Musikk har ei unik evne til å formidla kjensler og setja stemningar. Ved å dela «songen du har kjær» vert me betre kjent med kvarandre og skapar sterkare band gjennom felles forbindelse og oppdaging av ny musikk. Ei delt oppleving, er ei større oppleving. ✍️ Send ditt ynskje til therese@hardangermusikkfest.no
Medvirkende
Hardanger Musikkfest
Hardanger Musikkfest vart etablert av Stig Nilsson i 1996. Den dåverande konsertmeister i Oslo Filharmoniske orkester hadde i nokre år vore på jakt etter ein stad der han kunne invitera vener og kollegaer til felles musisering, og skapa ein festival basert på positive relasjonar og god musikk. ...
Se Hardanger Musikkfest- Olve Haugen
- Halvor Festervoll Melien
- Sanae Yoshida
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
