OPNINGSKONSERT: BERGMANN OG BRUCKNER
Om konserten
Årets opningskonsert er lagt til Ålesund kyrkje, og i dette massive kyrkjerommet får ein oppleve musikken slik den var meint å høyrast ut. Det er vårt eige festivalorkester og dirigent Rune Bergmann som skal tolke Anton Bruckner si middelalderromanse; symfonien som vart hans gjennomslag og fekk kallenavnet «den romantiske». Ta berre ein titt på komponisten sine eigne notat om symfonien si opning: «Middelalderby - daggry - morgonrop lyder frå byens tårn - portane opnast - på stolte hestar rir riddarane ut i det fri, naturen sin magi omsluttar dei - skogen si mumling - fuglesong - og slik utviklar det romantiske biletet seg vidare...» Konserten opnast først av eit kortare verk av den norske komponisten Egil Hovland, som ville fylt 100 år i år, som også er Anton Bruckner sitt 200-årsjubileum! Gå inn i hausten med denne monumentale musikkopplevinga. 🍂 Program Egil Hovland – Fanfare og koral Anton Bruckner – Symfoni nr. 4 «Den romantiske» PS: Nachspiel! Få med deg Folkepub på Teaterfabrikken rett etterpå - kl 21:00 spiller Farstad & Farstad opp til god stemning – virtuos folkemusikk frå Nordvestlandet.
Program
Medvirkende
Fjord Cadenza
Fjord Cadenza er ein musikkfestival med hovudsete på Skodje i Møre og Romsdal. Vårt felles ansvar for kultur og natur, og prakten av vakker musikk og mennesker, er kjerneverdiane til Fjord Cadenza. Fjord Cadenza vart etablert i 1993 og allereie frå starten ga man musikktalent eit sommarleg ...
Se Fjord Cadenza- FJORD CADENZA SYMFONIORKESTER
- RUNE BERGMANN
Spillestedet: Ålesund kirke
Flere konserter i nærheten
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
