Hardanger Musikkfest

Folkemusikkveld på Krossvoll

Amalie Kinsarvik Tvilde, Milla Viljamaa, Pekka Kuusisto, Kvintett fra Det Norske Kammerorkester
Torsdag 29. august 2024, 20:30Krossvoll, Lofthus

Om konserten

Glitrande musikarar møtest ein stad mellom norske og finske tradisjonar! Amalie Kinsarvik Tvilde er durspelar frå Kinsarvik i Hardanger. Ho er ein viktig tradisjonsberar og har fordjupa seg i hardingfelehistoria frå Hardanger og Voss. Ho har også arbeida mykje med retningar frå Nordland, Finnskogen og Røros. Repertoaret spenner frå dansemusikk, bygdespel og gammaldans til lydarslåttar og nyskriven musikk. Saman med strykekvintett frå Det Norske Kammerorkester spelar Amalie eit sett med både nykomponerte låtar og tradisjonsstoff. Milla Viljamaa har vore aktiv i å utforska finsk og nordisk folkemusikk, og har bidrege med friske tilnærmingar gjennom eigne arrangement og komposisjonar. Ho skapar eit særeeige lydbilete ved å smelta saman tradisjonelle folkekomponentar med moderne musikalske element. Folkemusikken i Finland fungerer som ei inspirasjonskjelde for Pekka Kuusisto; hans tilnærming til fiolin har endra seg betydeleg etter at han vart meir involvert i folkemusikk og dens utøvarar. Saman med Viljamaa gjev han oss eit lynkurs i nokre aspekt av finsk folkespel.

Medvirkende

Hardanger Musikkfest
Festival

Hardanger Musikkfest

Hardanger Musikkfest vart etablert av Stig Nilsson i 1996. Den dåverande konsertmeister i Oslo Filharmoniske orkester hadde i nokre år vore på jakt etter ein stad der han kunne invitera vener og kollegaer til felles musisering, og skapa ein festival basert på positive relasjonar og god musikk. ...

Se Hardanger Musikkfest
Musikere
  • Amalie Kinsarvik Tvilde
  • Milla Viljamaa
  • Pekka Kuusisto
  • Kvintett fra Det Norske Kammerorkester
Flere klassiske konserter på Vestlandet

Nyhetsbrevet

Få det beste fra Live Klassisk hver måned

Håndplukkede konserter, nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder, artikler og anmeldelser, konkurranser og rabatter. Gratis, og du kan alltid melde deg av.

Dette får du

  • Håndplukkede konserter hver måned
  • Nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder
  • Artikler og anmeldelser
  • Konkurranser, rabatter og annen moro