31. aug.
11:00 | 2024
Skrivargarden
Lofthus
Del
Adresse
"Hjå deg er det trygt"
Halvor Festervoll Melien
,Sanae Yoshida
Beskrivelse
PROGRAM *Alma Mahler: - Laue Sommernacht - Bei Dir ist es traut * Robert Schumann: - frå Dichterliebe 1-7 * Robert Schumann: 3 Gesänge, op. 83 - Resignation - Die Blume der Ergebung - Der Einsiedler * Silvan Loher: Frå «Dagen svalnar» - Dagen svalnar * Silvan Loher: Frå «I den svårmodiga skogen» - Skogsdunkel * Clara Schumann: Frå op. 13 - Nr. 1: Ich stand in dunklen Träumen - Nr. 2: Sie liebten sich beide - Nr. 3: Liebeszauber * Clara Schumann: Am Strande * Robert Schumann: 6 Gesänge, op. 107 - Herzeleid - Die Fensterscheibe - Der Gärtner - Die Spinnerin - Im Wald - Abendlied Formiddagslieder i historiske omgjevnadar Bli med på ei reise gjennom ei verd av lidenskap, lengsel og lyrisk venleik. På programmet står eit utval vakre og gripande songar komponert av nokre av dei mest betydningsfulle røystene innan den tyske liedertradisjonen. Alma Mahler sine kjensleladde melodiar tek oss med til velduftande sommarnetter og intime stunder. I "LaueSommernacht" og "Bei Dir ist es traut" skapar ho ein atmosfære av romantisk lengsel og hengivenheit. Då Alma i 1922 gifta seg med Gustav Mahler, gav han ho eksplisitt forbod mot å halda fram med å komponera. Seinare, då Gustav såg kor ulykkeleg kona hans var utan eit kreativ utløp, lét han ho publisera ein songsyklus. Med utgangspunkt i ulike diktarar er Alma sine songar like dramatiske som hennar personlege liv. "Dichterliebe" av Robert Schumann vert rekna som eit meisterverk. Gjennom dikta vert me vitne til eit kjenslemessig drama av kjærleik, tap og resignasjon - alt gjennom Schumanns rike harmoniar og melodiske djupn. Schumanns bruk av pianoakkompagnement ikkje berre som ein stønad, men som ei likeverdig røyst, gjev dette stykket kompleksitet. Vidare får me Schumann sitt subtile og rørande «3 Gesänge" og "6 Gesänge", der kvar song er små perler. Frå "Resignation" til "Abendlied", viser songane eit spekter av kjensler og stemningar, måla med musikken sine finaste penselstrøk. Me flyttar oss deretter inn i vår eiga tid, til tonesette dikt av den lovpriste finlandsvenske forfattaren Edith Södergran. Dikta rommar både hyllest av livet, lengsel etter døden, ekstase og ironi, men òg kjærleik for naturen generelt - og kattar spesielt. Södergrans poesi har vorte tonesett mange gonger i ulike format, og tekstane hennar går aldri av moten. Me får høyra to av Silvan Loher sine Södergran-songar, som har vorte til stemningsfulle komposisjonar for song og klaver. Loher er ein sveitsisk komponist som har vore busett i Oslo sidan 2017. Clara Schumann var ei av 1800-talets beste pianistar, og den mest betydningsfulle kvinnelege komponisten i den tyske romantikken. Gjennom "Ich stand in dunklen Träumen", "Sie liebten sich beide" og "AmStrande", let Clara oss dukka ned i kjærleiken sine djupaste straumar og lengselen sitt uendelege hav. Hennar virtuositet som pianist er tydeleg i dei krevjande akkompagnementa til desse lyriske vokalmelodiane som uttrykkjer kontrasterande tema om kjærleik og lengt; intimitet og tap; lys og mørke. Clara var eit vidunderborn. Ho gifta seg med Robert Schumann, fekk åtte born, reiste på lange konsertturnear og var i eigen person eit sentrum for si tids musikkliv. Bli med oss på denne reisa gjennom tonane si verd, der kvart verk er som eit vindauga inn i sjela, og musikken vert eit språk som talar direkte til hjarta.
Del
Program:Alma Mahler: Laue Sommernacht · Alma Mahler: Bei Dir ist es traut · Robert Schumann: Dichterliebe · Robert Schumann: Tre sanger · Silvan Loher: Dagen svalnar · Silvan Loher: Skogsdunkel · Clara Schumann: Seks sanger · Clara Schumann: Am Strande · Robert Schumann: Seks sanger
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
