Hardanger Musikkfest

Milla Viljamaa på Hesthamar

Milla Viljamaa, Amalie Kinsarvik Tvilde, Julie Kleive
Søndag 1. september 2024, 12:00Hesthamar, Utne

Om konserten

Finske Milla Viljamaa har invitert med seg nye, norske kjennskap til Hesthamar. Milla Viljamaa vert rekna som ein pionér innan harmoniummusikk. Som musikar, komponist og produsent er ho kjend for sin kreativitet innan både folkemusikk, tango, rock, pop, kammermusikk, teater, opera, ballett og filmproduksjon. Amalie Kinsarvik Tvilde er blant dei fremste utøvarane i den nye generasjonen av norske folkemusikarar, og har hevda seg godt på ulike kappleikar. For songar Julie Kleive er musikken kjenslene, refleksjonane og språket ho møter verda med. Frå små og store augeblikk gjennom livet, kjem ord og tonar som ein umiddelbar respons - det kjem songar. For fyrste gong spelar dei tre i lag.

Medvirkende

Hardanger Musikkfest
Festival

Hardanger Musikkfest

Hardanger Musikkfest vart etablert av Stig Nilsson i 1996. Den dåverande konsertmeister i Oslo Filharmoniske orkester hadde i nokre år vore på jakt etter ein stad der han kunne invitera vener og kollegaer til felles musisering, og skapa ein festival basert på positive relasjonar og god musikk. ...

Se Hardanger Musikkfest
Musikere
  • Milla Viljamaa
  • Amalie Kinsarvik Tvilde
  • Julie Kleive

Spillestedet: Hesthamar

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.