Operapub 2024
Om konserten
Løys på snippen, fyll opp glaset, len deg tilbake og opplev humor og drama frå operalitteraturen frå ein djup lenestol eller frå barkrakken. OperaPub er ein nydeleg måte å oppleve opera på – uansett om det er nytt for deg, eller du brenn etter et gjenhør med gamle favoritt-arier. Vi garanterer hyggefaktor og uformell stemning! Medverkande: Hallvar Djupvik er fødd og oppvaksen i Tomrefjord. Etter si utdanning på Operaakademiet i København har han vore solist på Den Norske Opera og Ballett, gitarist og songar i bandet Polkabjørn og Kleine Heine og fått mange års erfaring som kyrkjesongar/musiker i Oslo. Han har motteke ei rekke stipend og prisar, mellom annet Shells musikkteaterstipend i 2010. Stephanie Lippert er mezzosopran frå Norrtälje i Sverige, utdanna ved Operaakademiet i København. I november 2010 gjorde ho sin debut som “Anna” i Det Kongelige Teater si oppsetting av Nabuccco, dirigert av Per Giorgio Morandi. Som frilans operasongar har ho sunge roller i Norge, Danmark og Sverige, mellom anna «Tatjana» i Eugene Onegin, «Susanna» i Figaros bryllup og «Marguerite» i Faust. Med seg har dei den eminente Martin Bredin på piano. Martin er pianist, dirigent, komponist og korleiar. Etter studie for Jiri Hlinka i Bergen og Oslo har han e ei årrekke jobba som repetitør ved Operaen i Kristiansund. Han er mykje nyttja som kapellmeister og arrangør, og som orkester- og kordirigent internasjonalt.
Medvirkende
Festspela i Geiranger
Ei feiring av ei verdsarvbygd, av stor musikk og unike mat- og naturopplevingar. Festspela i Geiranger vert arrangerte over fire dagar, med eit breitt program av konsertar, møteplassar og utviklingsarenaer for unge talent. Festivalen har hjartet planta i den klassiske musikken – med forgreiningar ...
Se Festspela i Geiranger- Stephanie Lippert
- Hallvar Djupvik
- Martin Bredin
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
