Festspela i Geiranger

Fjellgardkonsert

Ragnhild Hemsing, Hallgrim Hansegard
Søndag 29. september 2024, 14:00Knivsflå

Om konserten

Ikkje gå glipp av denne unike opplevinga! Søndagen under Festspela kan du oppleve festspelprofil og felespelar Ragnhild Hemsing i dei fantastiske omgjevnadene på fjellgarden Knivsflå. Saman med ektemannen og dansaren Hallgrim Hansegard vil dei presentere eit program tilpassa denne heilt unike staden. Hyllegarden Knivsflå, med Dei sju søstre ved sida og panoramautsikt over Geirangerfjorden, byr på ei ramme rundt konserten som kan måle seg med det aller meste. Det å kunne presentere kunstnarar i verdsklasse her er noko vi er svært stolte av. Hallgrim Hansegard vart først kjend gjennom «Fairytale» og samarbeidet med Aleksander Rybak under MGP. Den akrobatiske dansaren har markert seg både gjennom soloframsyningar og i dansekompaniet FRIKAR. Ragnhild Hemsing turnerer dei store scenene i Europa, og framfører dei store klassiske verka samstundes som ho er ambassadør for den norske folkemusikkarven. Våren 2024 var ho festspelmusikar og Artist in Residence under norges største klassiske musikkfest; Festspillene i Bergen, med ei rekke kritikarroste konsertar. Det er avgrensa med plassar på konserten, så vi rår publikum til å vere raske med å kjøpe billettar. Det vert organisert felles båttransport til Knivsflå. Tid og stad: Båt frå Geiranger hurtigbåtkai kl. 12.30 (MS Geirangerfjord, Pir 1), konsert kl 14.00. Frammøte ved turistinformasjonen.OBS: Det er bratt å gå opp til Knivsflå. Om du er usikker på om du klarer turen, ta kontakt med arrangør for detaljar på post@festspel.no eller tlf 93049185.

Solo/duo
Crossover

Medvirkende

Festspela i Geiranger
Festival

Festspela i Geiranger

Geiranger

Ei feiring av ei verdsarvbygd, av stor musikk og unike mat- og naturopplevingar. Festspela i Geiranger vert arrangerte over fire dagar, med eit breitt program av konsertar, møteplassar og utviklingsarenaer for unge talent. Festivalen har hjartet planta i den klassiske musikken – med forgreiningar ...

Se Festspela i Geiranger
Musikere
  • Ragnhild Hemsing
  • Hallgrim Hansegard

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.