Dickie Dick Dickens
Om konserten
Ein radioteaterkonsert full av action, humor og skurkeri! Klar for eit gjensyn – eller ditt fyrste møte – med verdas farlegaste forbrytar? Den legendariske skikkelsen Dickie Dick Dickens er tilbake i ein ellevill radioteaterkonsert der spenning og musikk går hand i hand. Når erkerivalen Jim Cooper legg ein djevelsk plan for å ta han ein gong for alle, vert det dramatikk, overraskingar – og kanskje ein solid dose kaos. Ivar Nergaard fortel historia med si unike forteljarkunst, medan NyNorsk Messingkvintett sørgjer for lydeffektar du aldri trudde kunne koma frå messingblåsarar – frå geværsalvar til måseskrik og oppkast! Musikk og manus er skapt av Erlend Skomsvoll, inspirert av Paul Skoes radioteaterdramatisering for NRK, med tekst av Rolf og Alexandra Becker og musikk av Maj og Gunnar Sønstevold. Ein kveld spekka med humor, nostalgi og halsbrekkande action – anten du hugsar originalen eller oppdagar Dickie Dick Dickens for aller fyrste gong!
Program
Medvirkende
Hardanger musikkfest
Hardanger Musikkfest er ein kammermusikkfestival med base i vakre Lofthus i Hardanger. Festivalen blei etablert i 1996 av Stig Nilsson den dåværande konsertmeisteren i Oslo Filharmonien. Festivalen har ei rik historie med konsertar rundt om i Sørfjorden og omegn. Hardanger Musikkfest er kjend for å ...
Se Hardanger musikkfest- Ivar Nergaard
Mer kammermusikk
De mest populære de neste 2 månedeneNyhetsbrevet
Få det beste fra Live Klassisk hver måned
Håndplukkede konserter, nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder, artikler og anmeldelser, konkurranser og rabatter. Gratis, og du kan alltid melde deg av.
Dette får du
- Håndplukkede konserter hver måned
- Nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder
- Artikler og anmeldelser
- Konkurranser, rabatter og annen moro
