Operapub med Isa Katharina Gericke
Om konserten
Løys på snippen, fyll opp glaset, len deg tilbake og opplev humor og drama frå operalitteraturen frå ein djup lenestol eller frå barkrakken. OperaPub er ein nydeleg måte å oppleve opera på - uansett om det er nytt for deg, eller du brenn etter et gjenhør med gamle favoritt-arier. Vi garanterer hyggefaktor og uformell stemning! Her møter du den karismatiske mezzosopranen Isa Katharina Gericke, ein av Noregs mest fargerike formidlarar innan klassisk musikk – kjend for å blande varme, vidd og vakre tonar med ein heilt eigen stil. Med seg har ho strykekvintetten frå Operaen i Kristiansund og pianisten Trygve Brøske. Saman serverer dei ei fristande musikalsk meny av operaperler, romanser og overraskingar – alt med ein solid dose speleglede og sjarme. Dette er opera slik du sjelden høyrer det – tett på, uformelt og med latteren lurande like bak neste tone. Bli med på ein kveld som viser at opera kan vere både stor kunst og stor moro – også etter leggetid. Medverkande: Isa Katharina Gericke, song Pianist, Trygve Brøske Trond Harald Saltnes, fiolin Odd Sonntag, fiolin Anna Ostachowska, bratsj Adrianna Arapinowicz, cello Haonan Ding, kontrabass
Medvirkende
- Isa Katharina Gericke
- Trygve Brøske
- Trond Harald Saltnes
- Odd Sonntag
- Anna Ostachowska
- Adrianna Arapinowicz
- Haonan Din
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
