20. mars
18:00 | 2026
Lagre
Anbefal
Lytt
20. mars
18:00 | 2026
Del
LYTT TIL MUSIKK FRA KONSERTEN
Opprett en gratis Live Klassisk bruker for å lytte
Adresse
1 Bjørnstjerne Bjørnsons plass,
0340 Oslo
Lasse Thoresens bratsjkonsert med Eivind Ringstad
Samuel Lee
,Eivind Ringstad
Beskrivelse
Samuel Lee, dirigent Eivind Ringstad, bratsj Lasse Thoresen: Symfonisk konsert for bratsj og orkester, La valle dell’unità Felix Mendelssohn: Symfoni nr. 3, Den skotske Kork har igjen gleda av å ha ein av dei beste bratsjistane vi har for tida. Slikt er jo ikkje så lett å måle, men Eivind Ringstad er den einaste norske musikaren som har vunne Eurovisjonskonkurransen for unge musikarar, der dei beste unge musikarane i Europa møtast. Han har hatt ein mangfaldig karriere og er allereie blitt bratsj-professor på Royal College of Music i London og han er og solo-bratsjist i London Symphony Orchestra. På denne konserten møter han Lasse Thoresen, ein av dei fremste komponistane i Noreg i eit halvt århundre. Musikken til Thoresen er rik, med impulsar frå mange hald, frå folkemusikk til fransk spektralmusikk. Thoresen skreiv bratsjkonserten i 2011, men omarbeidde den i 2021, og den blir her presentert i ny versjon for første gong. Vi kan love ei klangrik oppleving, med ein ekte bratsjvirtuos i front. Ein kontrast, kanskje, men like fullt ei fargerik glede å lytte til den skotske symfonien til Felix Mendelssohn. Tittelen er ikkje tilfeldig. 20-åringen Felix var på reise i Europa, og han blei lett inspirert av både landskap, historie og litteratur (han skreiv òg ein «italiensk» symfoni). - Eg trur eg har funne starten på min skotske symfoni i dag, skreiv han etter å ha sett ruinane i Holyrood. Ut av den skuggefulle melodien spinner han ut ei symfoni som både er melodisk vakker og dramatisk
Del
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
