Holly og Rakh 2 i Store studio

Kringkastingsorkestret, Holly Choe, Nikola Meeuwsen
Fredag 29. mai 2026, 18:00NRK - Store studio, Oslo

Om konserten

Holly Choe, dirigent Nikola Meeuwsen, piano Emilie Mayer: Faust Overture Sergej Rakhmaninov: Ungdomssymfoni Sergej Rakhmaninov: Pianokonsert nr. 2 Holly Choes siste konsert for sesongen, og med ein knallavslutning i Store studio. Rosinen i pølsa må jo vere ein av dei mest populære pianokonsertar som finst. I tillegg til å vera ganske vilt virtuos, er Rakhmaninovs konsert nr. 2 eit overflodshorn av vakre melodiar og passasjar til å drøyme seg bort i. Solisten er den unge, nederlandske pianisten Nikola Meeuwsen, fersk vinnar av den prestisjetunge Queen Elisabeth-konkurransen i 2025. Pianokonsert nr. 2 var det første store verket Rakhmaninov skreiv etter ei katastrofal framføring av hans Symfoni nr. 1. Etter dette gjekk han gjennom ein djup depresjon, men med god hjelp av ein god ven (dr. Nikolai Dahl) kom han seg gjennom og pianokonserten blei ei stor suksess. Vi høyrer meir til pianokonsertane enn symfoniane til Rakhmaninov, men sjeldnare enn det, er det å høyre Ungdomssymfonien hans. Det finst berre ein sats, og den skreiv det unge geniet då han var 18 år. Det var sjefdirigenten som ønskte å presentere symfonien for Kork-publikummet, og ho tar inn nok eit «førstegongsstykke» av den tyske komponisten som blei kalla den «kvinnelege Beethoven». Emilie Mayer skreiv åtte symfoniar og var svært anerkjend i samtida, men som så ofte før, gløymd av ettertida. Faust-ouverturen var ein suksess i 1876, og kanskje òg i Store studio i 150 år etter?

Program

Medvirkende

Musikere
  • Holly Choe
  • Nikola Meeuwsen

Spillestedet: NRK - Store studio

NRK - Store studio

Store Studio er NRKs største radiostudio med plass til 250 publikummere. Til daglig benyttes Store Studio som øvingslokale for Kringkastingsorkestret, som også holder jevnlige konserter i bygningen. Store studio er bygget i fukisstil. Arbeidet startet i 1938 og stod ferdig i 1950.

Se alle konserter på NRK - Store studio

Flere konserter i nærheten

Flere klassiske konserter i Oslo

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.