20. okt.
19:00 | 2026
20. okt.
19:00 | 2026
Del
LYTT TIL MUSIKK FRA KONSERTEN
Opprett en gratis Live Klassisk bruker for å lytte
Adresse
Beethoven10, vol. 4
Beskrivelse
Denne konserten inngår i masterprosjektet til Jon Darre; å framføre samtlege Beethovens sonatar for fiolin og klaver i samarbeid med pianist Vebjørn Anvik. Program Ludwig van Beethoven (1770–1827) Sonate for fiolin og klaver i A-dur, op. 12 nr. 2 Sonate for fiolin og klaver i G-dur, op. 96 nr. 10 Medverkande Jon Darre (fiolin) Vebjørn Anvik (klaver) Omtale Kveldens to sonatar er svært forskjellige i karakter og tonespråk. Sonate op. 12 nr. 2 i A-dur (1798) er blant dei første fiolinsonatane Beethoven offentleggjorde i Wien. Eit viktig forbilete var Mozart sine «Auernhammer-sonatar» (1781), som Beethoven studerte i ungdomsåra i heimbyen Bonn. Dette kjem til uttrykk i sonatens musikantiske leikenheit og eleganse. Samtidig trer Beethoven sin eigen originalitet tydeleg fram, særleg i andresatsen sin uttrykksfulle melankoli og i finalens rytmiske og harmoniske innfall. Sonate i G-dur op. 96 (1812) er den siste av Beethovens fiolinsonatar, og eit meisterverk innan sjangeren. Den kammermusikalske dialogen mellom fiolin og klaver er utsøkt utarbeidde, og prega av subtile nyansar. Sonaten har ein lys grunnkarakter, men rommar samtidig eit stort uttrykksregister – frå førstesatsens venlege ländler-tema og andresatsens vakre cantabile, via scherzoens energi og rytmiske snert, til finalen, der variasjonane utfaldar seg med harmonisk oppfinnsemd og fargerikdom. CC: Gratis Foto: Sveinung Bjorå, Charlotte Wiig / NMH
Del
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
