18. nov.
12:00
18. nov.
12:00
Del
Adresse
Virvelrommet
Beskrivelse
Virvelrommet / The Vortex Space er ein arena for deling, dialog og oppleving av kunstnarleg arbeid. Rommet er opent, så du er velkommen til å vere der i heile opningstida om du vil. Her blir det speling og deling av musikk frå heile spekteret av stilar og sjangrar vi utøver og skaper på NMH. Det blir presentasjonar i mange ulike format, og gruppesamtaler du kan setje deg ned og lytte til eller ta del i. I mellomromma vil det vere stille, der du kan gå rundt og oppleve installasjonar, tekstar og bøker som ulike NMH-folk har plassert rundt i rommet. Kva er Virvelrommet? - Ein open scene, med lavterskel-booking av musikkinnslag frå studentar i kombinasjon med levande FoU/KU-deling frå tilsette og stipendiatar - Ein salong for deling, debatt og diskusjon om kunst og kunnskap, med deltakarar i ulik bakgrunn, alder og ståstad, inkludert gjester utanfrå - Ein installasjons- og delingsarena der ein kan vise fram arbeidet sitt i dei formata som passer: video på storskjerm, små videoskjermar med headset, lese- eller lyttestasjonar. Med atterhald om endringar. CC: Gratis Foto: Sigurd Ytre-Arne
Del
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
