TUP og RØST

Lagre

Anbefal

Lytt

Med musikkstudenter
Større ensembler
Symfonisk
Billetter
Billetter
Med musikkstudenter
Større ensembler
Symfonisk

Del

LYTT TIL MUSIKK FRA KONSERTEN

Opprett en gratis Live Klassisk bruker for å lytte

Adresse

11 Slemdalsveien,
0363 Oslo

TUP og RØST

Beskrivelse

Solistar frå talentutviklingsprogrammet ved NMH speler med Regionskorps Øst, under leiing av Anna Hartmann. Omtale Talentutviklingsprogrammet på NMH (TUP) TUP rettar seg mot ungdom mellom 13 til 19 år som held eit høgt nivå på hovudinstrumentet sitt. Musikkhøgskolen sitt talentutviklingstilbod er ein del av eit nasjonalt talentutviklingsprogram, der kvar institusjon dekker det geografiske området sitt. TUP har søknadsfrist 15. mars. RØST Regionkorpset er eit tilbod til deg som speler i skolekorps og som ønsker ekstra utfordringar. Korpset ønsker å motivere til vidare musikalsk og personleg utvikling, og forberede musikantane på eit engasjert og livslangt engasjement for korpsrørsla. RØST jobbar i eit toårs-perspektiv, med suppleringsopptak etter første året. Anna Hartmann Dirigent Anna Hartmann er utdanna ved Universitetet i Stavanger og Royal Northern College i Manchester, og jobbar med både amatørar og profesjonelle ensemble og orkester. Frå 2021 til 2023 var ho assistentdirigent i Arktisk filharmoni, som den første i denne stillinga. Sidan har ho dirigert fleire profesjonelle orkester i inn- og utland, mellom anna Stavanger symfoniorkester, Odense symfoniorkester og Jönköping sinfonietta. Til dagleg er Anna fast dirigent for Stabekk janitsjarorkester. CC: Gratis Foto: NMH

Del

Flere klassiske konserter i Oslo

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.