Christmas with Nordic Tenors
Om konserten
Sal: STORSALEN Når nettene blir lange og vinterfrosten legg eit rimlagt slør over mørkelandet, er det lite som varmar som tonane frå dei tre høgt elska tenorane i Nordic Tenors og deira virtuose pianist Torgeir Koppang. «Christmas with Nordic Tenors» er meir enn ein julekonsert. Det er ei frydefull oppleving både for auge og øyre, ei fullt ut gjennomarbeidd estetisk framsyning med musikk og vokalprestasjonar frå øvste hylle. I over 20 år har tenortrioen reist landet rundt med ei førjulstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygd på høgtid og tradisjon – ei framsyning som garantert vil setje deg i den gode julestemninga. Nordic Tenors består av tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmasterar, opna den nye operaen i Oslo og vunne publikums hjarte over heile landet. Gled dykk til hjarterørande julemusikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøyrde øyre!
Mer kor og sang
De mest populære de neste 2 månedeneNyhetsbrevet
Få det beste fra Live Klassisk hver måned
Håndplukkede konserter, nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder, artikler og anmeldelser, konkurranser og rabatter. Gratis, og du kan alltid melde deg av.
Dette får du
- Håndplukkede konserter hver måned
- Nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder
- Artikler og anmeldelser
- Konkurranser, rabatter og annen moro
