Om konserten
Det blir skjemt og alvor med musikk av topp-musikarar innimellom tre rettar med kvalitetsmat med lokale råvarer – med andre ord ein fornøyeleg og fordøyeleg oppleving. Booking av billettar direkte til Nythun ved post@nythun.com, eller på TicketCo. Velkomen til ei stemningsfull lunsjoppleving på Nythun, der Austerrike møter Noreg gjennom musikk, mat og gode møte mellom kulturar og tradisjonar. Med fiolinist Eldbjørg Hemsing og vener inviterer vi til ei musikalsk og kulinarisk reise mellom dei to landa. Gjennom tonar, smakar og forteljingar utforskar vi fellestrekk og kontrastar mellom austerriksk og norsk kultur – frå dei musikalske tradisjonane i Alpane til klangane frå norske fjell og dalar. På menyen står smakar inspirerte av begge landa, medan musikken skaper rom for nærleik, oppdaging og nye perspektiv. Her møtest klassiske tradisjonar og levande musikkglede i ei varm ramme, med plass til både gode samtalar og nye impulsar. Lunsj med tonar på Nythun er ei feiring av musikken, maten og dei kulturelle banda som knyter Austerrike og Noreg saman – ei oppleving for både øyre, gane og sinn.
Medvirkende
Hemsingfestivalen 2027
Intime møte med stor musikk 25.–28. februar 2027 Hemsingfestivalen blir arrangert årleg i Aurdal, ei lita fjellbygd i Valdres med 700 innbyggjarar og rike kulturtradisjonar. Festivalen samlar folkemusikk og klassisk musikk i samspel, midt i eit landskap som har inspirert både Edvard Grieg og Knut ...
Se Hemsingfestivalen 2027- Eldbjørg Hemsing
Publikums topp 10
Det flest vil gå på de neste 90 dageneNyhetsbrevet
Få det beste fra Live Klassisk hver måned
Håndplukkede konserter, nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder, artikler og anmeldelser, konkurranser og rabatter. Gratis, og du kan alltid melde deg av.
Dette får du
- Håndplukkede konserter hver måned
- Nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder
- Artikler og anmeldelser
- Konkurranser, rabatter og annen moro
