Tilbake til festivaler
Gå til hjemmeside
Hemsingfestivalen
22. feb. - 26. feb.
Aurdal
Det er ei stor glede for oss å ynskje velkomen til ein ny Hemsingfestival og 10-årsjubileum 22.–26. februar 2023. Systrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing har invitert store internasjonale stjerner frå heile verda til den vesle fjellbygda deira, Aurdal, med rundt 700 innbyggjarar.
Festivalprogrammet for 2023 inneheld 17 ulike konsertopplevingar på fem dagar med over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå. De får høyre musikk framført av flotte musikarar på topp internasjonalt nivå som Goldmund Quartet, Anna Fedorova, Martin Stadtfeld og Adrian la Marca, i tett samspel. Det blir eit hyggeleg gjensyn med fleire av artistane som har vore på festivalen tidlegare, som TrondheimSolistene, Gjermund Larsen og Andreas Brantelid, og nye bekjentskap med spennande musikarar som Marja Mortensson, Terje Isungset og Thibaut Garcia. Alle artistane på festivalen vil opptre på fleire av konsertane iløpet av dei fem festivaldagane.
Nytt av året er eit nytt konsertkonsept med iglokonsertar utanfor Frikar-Smia torsdag og fredag med den internasjonalt kjente pioneren innan is-musikk, Terje Isungset. Han skapte det musikalske konseptet som ei utviding av hans interesse for å lage lyd frå natur-materialar. Ved å oppsøke ulike typer is og spele på dei både akustisk og med elektronikk, har Terje med suksess foredla teknikkane som krevs for å la isen 'synge', som publikum vil få oppleva i eit unikt konsertkonsept med iglokonserter på Frikar-Smia. Terje spelar også på isinstrument innandørs ilag med...
Les mer >
Konserter
Ingen kommende konserter
Bruk datofilteret for å se tidligere konserter.
Norges største nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
