Tilbake til festivaler

Festspela i Geiranger

Geiranger

Stor musikk i ei lita bygd 14. september – 17. september 2023 arrangerer vi Festspela i Geiranger neste gong, med eit program som i hovudsak består av klassisk musikk – men også med andre musikksjangrar og kulturuttrykk, som jazz, vise, folkemusikk, matkultur og mykje meir. Verdsarvområdet er ei unik ramme for store kunst- og kulturopplevingar, og den lille vertsbygda vår, Geiranger, har stolte kulturtradisjonar. Festspela i Geiranger skal vere eit regionalt fyrtårn for formidling av kunst og kultur av høg kvalitet, og samstundes vere ein ambassadør for lokal eigenart. Matkultur er ein viktig del av festivalkonseptet vårt, og det same er naturen som omgir oss. Vi legg konsertar ute på fjorden og oppe på fjellet 1500 meter over havet – og alt imellom. Publikum kjem tett på artistane og tett på naturen og bygda. Vi trur på at slike mangfaldige, store musikkopplevingar skaper fellesskap, utvidar horisontar og utviklar oss både på individ- og samfunnsnivå. Arbeidet med å etablere eit festspel i Geiranger starta i 2019. På tross av koronapandemien var dei første festspela i september 2021 ein suksess, og vi gleda oss over ei rekke utselde konsertar og nøgde publikummarar frå heile landet. Det ligg i namnet festspel at det er ein fest – ei feiring der vi ønsker at alle skal få vere med. Eit viktig mål for oss er å gjere klassisk musikk tilgjengeleg for alle og å invitere til utradisjonelle konsertarenaer som senker terskelen for nye kulturopplevingar.

Konserter

Ingen kommende konserter

Bruk datofilteret for å se tidligere konserter.

Meld deg på vårt nyhetsbrev, og få siste nytt fra Live Klassisk.

Live Klassisk
Kontakt

+47 98670803
info@liveklassisk.no

Live Klassisk
Org nr: 932392364

Copyright © 2024 Live Klassisk • Personvern og cookies