Tilbake til festivaler

Sunnmøre Kammermsuikkfestival

4. sep. - 6. sep.
Volda

Festivalen byrja som ein idé blant nokre musikalske eldsjeler og har vorte ein viktig tradisjon og møtestad for det lokale musikkmiljøet på Sunnmøre. Kvart år arrangerar festivalen konsertar for publikum på Søre Sunnmøre. Dei musikalske opplevingingane står i sentrum, saman med fokus på høg kvalitet frå gode norske og internasjonale musikarar. Kammermusikken si sjel er kommunikasjon, og musikken er intim, vakker og ofte utfordrande. For mange komponistar og musikarar er kammermusikk ein sjanger som betyr ekstra mykje, fordi den er personleg og heilt avhengig av kvar enkelt musikar og samspelet mellom dei. Difor legg vi også stor vekt på eit tett og nært møte mellom musikarar, publikum og musikken på konsertane våre. Samspel på høgt nivå finn vi også når festivalmusikarane møter det lokale musikkmiljøet gjennom festivalkor, meisterklassar, talentkonkurranse, kafékonsertar, foredrag og mykje anna. Festivalen sine kunstnarlege leiarar, Annar Follesø og Wolfgang Plagge, set kvart år saman eit allsidig program som vi vonar gled utfordrar og vekkjer nye kjensler, tankar og interesser hos publikum.

Konserter

Ingen kommende konserter

Bruk datofilteret for å se tidligere konserter.

Meld deg på vårt nyhetsbrev, og få siste nytt fra Live Klassisk.

Live Klassisk
Kontakt

+47 98670803
info@liveklassisk.no

Live Klassisk
Org nr: 932392364

Copyright © 2025 Live Klassisk • Personvern og cookies