Share
Address
FJORD CADENZA: ENGEGÅRDKVARTETTEN // SCHUBERT OG GRIEG
Description
Engegårdkvartetten såg dagens lys under midnattssola i Lofoten i 2005 og vart raskt eit av dei mest ettertrakta kammermusikensemblea i Noreg. Kvartetten sine modige og friske tolkingar av det klassiske repertoaret, kombinert med ei djuptfølt tilknyting til dei skandinaviske røtene sine, gav han, heilt frå starten, internasjonal anerkjenning og inspirerte til innovative program og samarbeid. Kvartetten har gitt ut fleire CD-ar som har fått positiv mottaking både nasjonalt og internasjonalt. Dei har òg opptrådt på konsertscener i heile Norden, samt i land som Østerrike, Tsjekkia, Sveits, Tyskland, Colombia, Brasil, Storbritannia, Danmark, Skottland og Ungarn. Dei har deltatt på kjende festivalar og samarbeidd med ei rekkje anerkjente musikarar innan ulike sjangrar. “Her har vi truleg fått tolkinga som Grieg-elskarar har venta på” — TULLY POTTER Engegårdkvartetten har også engasjert seg i samtidsmusikk og utvida strykekvartettrepertoaret gjennom bestillingsverk og urframføringar av norske og internasjonale komponistar. Medlemmane av kvartetten er òg aktive i å fremje kammermusikken i Noreg gjennom festivalar, undervisning og samarbeid med amatør- og ungdomsmusikarar. Arvid Engegård - fiolin Laura Custodio Sabas - fiolin Juliet Jopling - bratsj Jan Clemens Carlsen - cello Instrument: Arvid Engegård spelar på ein Jean Baptiste Vuillaume-fiolin (1858), lånt av Dextra. Laura Custodio Sabas spelar på ein Jean Baptiste Vuillaume-fiolin (1857). Juliet Jopling spelar på ein Giuseppe Guadagnini-bratsj (1770). Jan Clemens Carlsen spelar på ein Giacomo Zanoli-cello (1737), lånt av Dextra. Grieg strykekvartett Han sa sjølv til biografen sin: "For eg kjenner at i dette verket ligg det prøver på det hjarteblodet som framtida forhåpentlegvis vil få sjå meir enn berre prøver av." Temaet frå denne Ibsen-songen brukar han gjennomgåande i heile kvartetten sitt motiviske arbeid. Han nyttar dermed det nye sykliske formprinsippet, som vi kan skimta ein føregjengar for i dagens Haydn-kvartett. Dette er ikkje ei spesiell oppfinning gjort av Grieg. Ideen om eit motiv som gjenomstrøymer eit heilt verk er sterkt framståande hjå Berlioz og Liszt. Men hjå Grieg vert dette prinsippet brukt meir konsekvent enn nokon gong tidlegare i eit kammermusikalsk verk. Det skulle gå 15 år før Debussy gjorde noko liknande i sin g-moll kvartett - ei komposisjon som for øvrig har mange likheitstrekk med Grieg si, særleg motivisk. Kvartetten har til tider ein orkestral verknad med sin breie kraftutfalding. Grieg seier at kvartetten ikkje var ... laga for å bringe smååndelege ting fram i lyset. Han strevar mot breidde, flykt og framfor alt mot klangen for dei instrumenta ho er skriven for. Kvartetten vart ein mental kamp for Grieg; ein kamp med seg sjølv som han vann. Kvartetten framstår i dag som eit av Grieg sine mest helstøypte verk. Frå same tidsrom kjem også hans mørkaste pianostykke, Balladen, i same tonearten som kvartetten. Ein ven av Grieg – Franz Beyer – klarte å redda forholdet til Nina. Han fekk dei til å byrja planlegginga av eit eige heim i Bergen, det som skulle bli Troldhaugen. Her fekk kunstnarparet igjen fotfestet i liva sine, og Griegs skaparkraft fekk ny næring. Rester er som man seier - history. Schubert Kvartett nr 14 i d-moll “Døden og Piken” Schuberts første instrument var fiolinen, og gjennom ein kvartett av familiemedlemmar hadde den unge Schubert ei verkstad for å utforske kvartettmediumet. Han skreiv sine første forsøk i sjangeren då han var 12-13 år, sjarmerande, men ikkje akkurat genial musikk. Tre til fire år seinare skreiv han sju kvartettar med betydeleg meir substans, men som tydeleg ber slektskapet sitt til Haydn, Mozart og den tidlege Beethoven. Deretter kom i 1820 hans mykje spelte "kvartettsats i c-moll", musikk som er heilt og aleine Schuberts, og som truleg var ein første sats i ei planlagt kvartett av normal storleik. Av dei andre satsane finst berre eit fragment av den langsame satsen. Dei tre siste og mest kjende kvartettane, der nr. 14 i d-moll, med tilnamnet "Piken og dauden" er den mest spelte, kom til i åra 1824-1826. Då han komponerte sine siste kvartettar, hadde Schubert truleg lita eller ingen kjennskap til Beethovens siste fem kvartettar, der den berømte meisteren og Schuberts største førebilete var på veg inn i framtida. Schuberts siste kvartettar er dermed ikkje påverka av Beethovens nyvinningar i form og innhald og er difor ganske tradisjonelle i formen. Men han vart raskt nok orientert om Beethovens siste fullførte verk, og ein meiner at det aller siste Schubert høyrde av musikk, var ei privat framføring av Beethovens kvartett opus 131. D-mollkvartetten har sitt tilnamn etter temaet i andre sats, henta frå Schuberts eigen song med same namn. I kvartettens raske satsar nyttar han ei tonespråk med ein ny kraft og nesten valdsam, orkestral bruk av strykeinstrumenta. Verket vart i Schuberts tid berre spelt i private samanhengar, med positiv mottaking av mange. Men den aldrande fiolinvirtuosen Schuppanzig, som leia ein av desse framføringane, utbrote like etter: "Bror, dette er ingenting - hald deg til songane!" Deretter samla Schubert stilt saman notene og putta dei i ei skuff utan å gjere noko med tanke på utgjeving. Åh, så feil ein kan ta...
Share
Programme:Franz Schubert · Edvard Grieg
Scandinavia's largest newsletter about classical music
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
