Sunnmøre Kammermusikkfestival

Kammerpub & Stumfilm med levande musikk

Wolfgang Plagge
Tuesday 5 September 2023, 20:00Rokken Studenthus, Volda

About the concert

Kammerpub på Rokken med filmframsyning og levande musikk Vi har gleden av å presentere ukjende filmar frå Volda frå 1938 til godt utpå 1950-talet. Kolbein og Helge Halkjelsvik har sett saman eit halvtimes program med unike Volda-filmar. Det blir daglegliv i Gatå, mange kjente Voldingar. 17.mai og søndagsskuletog. Friidrett på Steinrøysa med over 1500 publikummarar. Tennis på bana på Andaneset. Fotballkamp mellom Ørsta og Volda. Volda i kvardag og fest. Det vil bli levande musikk av våre kammermusikarar til desse stumfilmane. Det vil også vere høve til å slappe av med kammermusikk over høgtalarane i kaféen før og etter filmkonserten. Dørene på Rokken opnar kl 18:00. Dører til filmframsyninga vil opne 20:30, og filmframsyninga byrjar kl 21:00.

Performers

Musicians
  • Wolfgang Plagge

The newsletter about classical music across the Nordics

Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.