Back to festivals
Hemsingfestivalen

Hemsingfestivalen

6 editions on Live Klassisk

Aurdal

Go to website
Me ynskjer velkomen til Hemsingfestivalen 2026, 19.–22. februar, i veke 8 Hemsingfestivalen blir arrangert årleg i Aurdal, ei lita fjellbygd i Valdres med 700 innbyggjarar og stolte kulturtradisjonar. Her henta Edvard Grieg og Knut Hamsun inspirasjon i den vakre naturen, og Frydenlund Skysstasjon vart ein viktig møteplass for kunstnarar frå heile Noreg. Musikarsystrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing vaks opp i bygda, og dei vart tidleg introduserte for både klassisk musikk og folkemusikk. I dag er dei begge internasjonalt etterspurde kunstnarar med heile verda som arbeidsplass. Systrene har stor glede av å formidle musikkens magiske kraft og djupn til publikum, noko som inspirerte dei til å etablere sin eigen internasjonale kammermusikkfestival i heimbygda. Ynsket er å overføre eigen kompetanse til miljøet dei vaks opp i, og med det syne korleis musikk kan prege eit samfunn og skape identitet og tilhøyrsel.

Concerts

Loading concerts …

All editions

2026Hemsingfestivalen19. feb. - 22. feb. · Aurdal2025Hemsingfestivalen20. feb. - 23. feb. · Aurdal2024Hemsingfestivalen8. feb. - 11. feb. · Aurdal2023Hemsingfestivalen22. feb. - 26. feb. · Aurdal2022Hemsingfestivalen24. feb. - 27. feb. · Aurdal2021Hemsingfestivalen8. okt. - 10. okt. · Aurdal