Symfonisk

Del

Adresse

1 Bjørnstjerne Bjørnsons plass,
0340 Oslo

Beskrivelse

Ilan Volkov, dirigent Thorsten Johanns, klarinett Claude Debussy: Six épigraphes antiques Paul Hindemith: Klarinettkonsert Jean-Philippe Rameau: Suite frå Naïs Ein meisterdirigent og ein meisterklarinettist møtest i Store studio. Den tyske klarinettisten Thorsten Johanns er etterspurd over heile verda som solist og kammermusikar. No tar han med seg den relativt lite spelte klarinettkonserten til landsmannen Paul Hindemith. Verket frå 1947 er tileigna Benny Goodman, men meir enn jazzrytmar lokkar Hindemith fram dei melodiske kvalitetane i klarinetten. Dirigenten Ilan Volkov gjestar Noreg for første gong, og rammar inn klarinettkonserten i fransk musikk. Sprelsk barokk avsluttar konserten, med suiten frå Rameaus opera om Neptun på kjærleiksferd. Noko mytisk ligg også bak Six épigraphes antiques. Basert på musikken til det eksotiske scenetablået Chanson de Bilitis, skapar Debussy noko erotisk, noko antikt og heilt klart noko fransk, med klangar som tar oss ein heilt annan stad. FOTO: GUIDO WERNER

Del

Meld deg på vårt nyhetsbrev, og få siste nytt fra Live Klassisk.

Live Klassisk
Kontakt

+47 98670803
info@liveklassisk.no

Live Klassisk
Org nr: 932392364

Copyright © 2025 Live Klassisk • Personvern og cookies