Del
Adresse
Beskrivelse
PROGRAM * Marcus Paus: En hellig, alminnelig lek, tekster av André Bjerke (utval) * Marcus Paus: Dypt i forledelsen, tekster av Jens Bjørneboe (utval) Opplev stor norsk poesi i komponist Marcus Paus si tonedrakt. I anledning André Bjerke sitt 100-årsjubileum i 2018 vart den kritikarroste plata "En hellig, alminnelig lek" med Marcus Paus (1979- ) sine nykomponerte songar til dikt av André Bjerke gjeve ut. I 2020, i forbindelse med Jens Bjørneboe sitt 100-årsjubileum, kom oppfølgjaren "Dypt i forledelsen", ei plate via Bjørneboe sin lyriske forfattarskap. På begge album er det songar Julie Kleive og pianist Joachim Kwetzinsky som står for framføringane. Bjerke sine jordnært iakttakande, direkte, presise, humoristiske og vakre tekstar, møter eit meir sjelegranskande, mørkare og tyngre uttrykk i fetter Bjørneboe sine tekstar. Songane speglar kunstnarskapane, og konserten krinsar rundt dei to poetane sitt fellesskap og kvar sin eigenart. Songane ivaretek form, rim og rytme og tilfører tonalitet, klangleg fleirdimensjonalitet og dynamikk. Julie Kleive sin vokal treffer deg rett i sjela - og samspelet med Joachim Kwetzinsky gjev eit tidlaust påfyll av poesi og musikk som vil resonnera i deg i lang tid.