Tor Espen Aspaas
,Eldbjørg Hemsing
,Thibaut Garcia
,Adrien la Marca
,Ingrid Lingaas Fossum
Lagre
Anbefal
22. feb.
12:00 | 2025
Valdres Folkemuseum, festsalen
Fagernes
Del
Adresse
Vandre-konsert på museet - 3 konsertar på Valdres Folkemuseum
Tor Espen Aspaas
,Eldbjørg Hemsing
,Thibaut Garcia
,Adrien la Marca
,Ingrid Lingaas Fossum
Beskrivelse
Vandrekonserten inneheld tre konsertar med ulikt programinnhald på same konsertbillett. Møt opp ved bygningen du kjøper billett til. Der blir du møtt av ein guide som følgjer deg rundt frå éin konsert til neste. Alle konsertane startar kl.12.00. Kvar konsert varar i 20 minutt, og så får du 10 minutt mellom konsertane til å kome deg til neste hus med neste konsert. Før eller etter konsertane er det moglegheit for lunsj på museet. Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901 og er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet. Det er konsolidert med to mindre museum, og saman utgjer dei Valdresmusea, som vart kåra til årets museum i Noreg i 2022. Valdresmusea forvaltar store samlingar og arkiv og samarbeider med alt frå forskingssektoren og frivilligheita til musikk- og kulturlivet om konsertar, festivalar og arrangement. Eit viktig satsingsområde er folkemusikk og folkedans. Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strøndafjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum i Valdres. Program Konsert 1, Festsalen. Klassiske tonar med Tor Espen Aspaas (klaver) og Eldbjørg Hemsing (fiolin) Lengde: 20 min Franck: Sonata for violin and piano in A major, 1. mov Lili Boulanger: Nocturne and Cortège Debussy/Heifetz: Beau Soir Franck: Sonate Sonata for violin and piano, 4. sats Konsert 2, Rognebygningen. Folkemusikk ved Ingrid Lingaas Fossum (langeleik) Lengde: 20 min På denne konserten får vi høyre glimt frå den lange og rike langeleikhistoria, som strekk seg fleire hundre år attende i tid. Vi får høyre om nokre sentrale utøvarar gjennom langeleikhistoria, som har vore med på å gje Ingrid L. Fossum dei verdiane ho har som musikar i dag. Under konserten vil ho spele på ulike langeleikar med ulik tonalitet, som representerer tida og menneska ho fortel om. Konsert 3, Slidrehuset. Tonar frå barokken ved Thibaut Garcia (gitar) og Adrien la Marca (bratsj) Lengde: 20 min Restriksjoner Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com Ansvarsfraskrivelse Kjøpte billettar refunderast ikkje.
Del
Program:César Franck: Fiolinsonate · Lili Boulanger: Nocturne · Lili Boulanger: Cortège · Claude Debussy: Beau soir
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
