Del
Adresse
1 Bjørnstjerne Bjørnsons plass,
0340 Oslo
Beskrivelse
Fredag 25. april kl. 18.00 NRK Store studio Kork stiller opp for årets eksamenskandidatar frå Noregs Musikkhøgskole. Christian Blex, dirigent Artturi Alto, cello Johan Svendsen: Romeo og Julie Pjotr Tsjajkovskij: Symfoni nr. 5 Vårens vakraste musikalske eventyr? Det er alltid noko heilt spesielt når Kork samarbeider med unge musikarar, dei som skal ta steget ut i eit profesjonelt musikkliv. Orkesteret fortsett med ein over 30 år gammal tradisjon: Å la dei beste unge studentane frå Noregs Musikkhøgskole få ha eksamen med orkesteret. I år er turen kome til dirigentkandidaten Christian Blex. På programmet står ein norsk orkesterklassikar: Johan Svendsens tolking av kjærleikshistoria over alle. Dirigent Blex skal òg gje oss ein av dei feitaste symfoniske biffane. Tsjajkovskijs femte symfoni skildrar både tung skjebne og korleis kampen kronast med siger.