EIN DRAUM - SONGAR AV GRIEG OG SCHUMANN

29. aug.

21:00 | 2025

Bror Magnus Tødenes

,

Olav Egge Brandal

Lagre

Anbefal

Solo/duo
vokal

29. aug.

21:00 | 2025

Billetter
Billetter
Solo/duo
vokal

Del

Adresse

Korsegata 6,
6002 Ålesund

Beskrivelse

PROGRAM Robert Schumann (1810–1856) Dichterliebe, Op. 48 30 min Frédéric Chopin (1810–1849) Ballade nr. 2 i F-dur, Op. 38 7 min Edvard Grieg (1843–1907) Seks sanger, Op. 25 Dikt av Henrik Ibsen for sangstemme og klaver (1876) 15 min Edvard Grieg (1843–1907) Seks sanger, Op. 48 Tyske dikt for sangstemme og klaver (1884–1889) 15 min EIN DRAUM - GRIEG OG SCHUMANN Songar Bror Magnus Tødenes og pianist Olav Egge Brandal presenterer noko av den vakraste musikken skrive for song og piano. «Dichterliebe» er ein songsyklus skrive i 1840 av Robert Schumann (1810- 1856). Det tyske ordet Dichterliebe kan omsettast til «diktarkjærleik». Schumann tonesette 20 songar etter dikt av Heinrich Heine, men når samlinga vart utgitt i 1844, var den korta ned til 16 songar. Året 1840 vert kalla «liedejahr» -songåret. Då komponerte Schumann rundt 140 songar mens han venta på å gifte seg med si kjære Clara Wieck. Faren til Clara, Frederick Wieck, var sterkt kritisk til giftarmålet, og gjekk rettens veg for å unngå det. Det var i denne ventetida prega av frustrasjon og desperasjon at Schumann fekk sitt utløp i musikken. Heldigvis mislykkast Frederick Wieck, for Robert og Clara vart gift i september 1840. «Seks songar op. 48» vart utgitt i 1889 av Edvard Grieg (1843- 1907). Songane har tysk tekst av Heine og Goethe. Studietida i Leipzig var for lengst forbi, og det var lenge sidan Grieg hadde nytta seg av det tyske språket. I samlinga finn vi ein av dei mest kjende songane hans - «Ein traum» (ein draum). Grieg skreiv også «Seks songar op. 25», også kjent som Ibsensongane. Desse er basert på Henrik Ibsens dikting, og handlar om kjærleikslengsel. Her er både alvor og leik, tungsinn og vemod. Desse kom til i ei tung periode i livet hans, då begge foreldra hadde nyleg gått vekk. «En Svane» og «Med en Vandlilje» er kjende songar frå denne samlinga.

Del

Flere klassiske konserter i Vestlandet

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.