26. okt.
18:00 | 2025
Lagre
Anbefal
26. okt.
18:00 | 2025
Del
Adresse
Morten Gaathaug: Requiem for Nature
Beskrivelse
I «Requiem for Nature» tar Morten Gaathaug (1955–) utgangspunkt i det forgjengelege i alle ting. Under denne paraplyen skjuler det seg mykje: naturkrisa, menneskelivets avgrensa varigheit på jorda, livshjulet, som stadig blir fornya, og minna som svann. I redsla for det ukjente får draumen om eit betre liv og håpet om frelse næring. Verket, som er skrive for to solistar, kor og samansett orkester av strykarar, messingblåsarar, slagverk og orgel, bygger på den tradisjonelle latinske messeteksten, men har også med tekstar av Bo Bergman og William Wordsworth. NMH uroppfører dette verket i høve 70-årsjubileet til komponisten. Medverkande: Oslo Chorale Selskap under leiing av Marius Skjølaas Songarar frå KORiOSLO og Christiania kammerkor, og utvalgte studentar med i koret frå: «Soloists of the Student Choir of the Ukrainian National Tchaikovsky Academy of Music» (Choirmaster: Oleksandr Zavolhin) Samansett orkester frå NMH Jan-Philip Dolci, Henri Raeck, Gabriela Opacka-Boccadoro, Rui Miguel Ribeiro Marques (dirigentar) Stina Steingrim Levvel (sopran) Magnus Dorholt Kjeldal (baryton) Halgeir Schiager (orgel) Gratis inngang.
Del
Program:Morten Gaathaug: Requiem for Nature
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
