Ragnhild Hemsing
,Jadran Duncumb
,André Lislevand
,Sivert Holmen
,talent frå FRAMR
Lagre
Anbefal
19. Feb
13:00 | 2026
Noraker Gård & Rakfisk
Aurdal
Del
Adresse
Rakfisk Forte Fortissimo
Ragnhild Hemsing
,Jadran Duncumb
,André Lislevand
,Sivert Holmen
,talent frå FRAMR
Beskrivelse
Konserten startar kl.13.00 og blir etterfølgd av lunsj på Noraker Gård. Både ferskvare og godt laga og lagra står på bordet og programmet. Unge talent og erfarne musikarar bidreg med musikalske godsaker. Etter dette kan ein gi seg hen til dei mange rettane og variantane frå Noraker Gård. Konsert med Ragnhild Hemsing (fiolin, hardingfele), Jadran Duncumb (lutt) og André Lislevand (gambe), Sivert Holmen (hardingfele) og talent frå FRAMR Hardingfela sine kviskrande understrenger og luttens djupe bordun spinn eit klangleg møte mellom to rike tradisjonar: norsk folkemusikk og europeisk barokkmusikk. Her blir barokkens dansar og improvisatoriske former fletta saman med dei rytmiske og melodiske linjene frå norske bygdelåttar. Resultatet er ein musikalsk vev der ulikskapane får spele kvarandre gode – og der klangen ber minne både om fortid og samtid. På programmet står verk av Marais, Biber, Matteis, Gaultier le Vieux og de Boesset – i dialog med tradisjonslåttar frå Valdres, framførte i ny drakt. Musikarane er tre framståande utøvarar innanfor tidlegmusikk og folkemusikk: Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin, kjend for å bygge bru mellom klassisk og tradisjonelt uttrykk. Jadran Duncumb – lutt og gitar, ein virtuos utøvar med djup innsikt i barokkens ornamentikk og improvisasjon. André Lislevand – gambe, ein sterk formidlar av både tidlegmusikk og nyskaping innanfor historiske uttrykk. Sivert Holmen – hardingfele og Hardanger d’amore, ein utøvar som har røtene i Valdres. Desse instrumenta møter impulsar frå samtidsmusikk, improvisert musikk og kunstmusikk når Sivert Holmen spelar. Gjennom mange hundreår har vi sett korleis mat og musikk går godt saman. Musikken kan vere anten aperitiff eller dessert, men ofte er han hovudrett. Når Hemsingfestivalen landar på Noraker, blir det først musikk og så rakfisk i mild, lagra eller vellagra variant. Eller nokre andre variantar, gjerne serverte med den eminente sennepssausen deira. FRAMR er Hemsingfestivalens satsing på eit talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk der utøvarane kjem frå begge sjangrar. Programmet har som mål å gi innsikt i kva folkemusikken har å seie for den klassiske musikken, og omvendt. Det blir musikalske smakebitar frå noko av det dei unge musikarane har jobba med dei siste dagane.
Del
Program:Marin Marais · Heinrich Biber · Giovanni Battista Matteis · Robert de Visée · Antoine de Boesset
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
