Vandrekonsert på museet

21. feb.

12:00 | 2026

Eldbjørg Hemsing

,

Raphaela Gromes

,

Julien Quentin

,

Unni Løvlid

,

Johannes Martens

,

Hanna-Maria Grønneberg

Lagre

Anbefal

Lytt

Kammermusikk
Solo/duo

21. feb.

12:00 | 2026

Billetter
Billetter
Kammermusikk
Solo/duo

Del

LYTT TIL MUSIKK AV KONSERTENS KOMPONISTER

Opprett en gratis Live Klassisk bruker for å lytte

Adresse

27 Tyinvegen,
Fagernes

Vandrekonsert på museet

Eldbjørg Hemsing

,

Raphaela Gromes

,

Julien Quentin

,

Unni Løvlid

,

Johannes Martens

,

Hanna-Maria Grønneberg

Beskrivelse

Vandrekonserten inneheld tre konsertar med ulikt programinnhald på same konsertbillett. Du møtt av ein guide som følgjer deg rundt frå éin konsert til neste. Alle konsertane startar kl.12.00. Kvar konsert varar i 20 minutt, og så får du 10 minutt mellom konsertane til å kome deg til neste hus med neste konsert. Før eller etter konsertane er det moglegheit for lunsj på museet. Større grupper vert bedne om å bestille bord: post@fjordkafeen.no / +47 489 49 090 Valdres Folkemuseum er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet. I 2026 er det 125 år sidan museet vart stifta. Museet tilhøyrer museumsorganisasjonen Valdresmusea, som i 2022 vart kåra til årets museum i Noreg. Valdresmusea samarbeider med alt frå forskingssektoren til frivilligheita og musikk- og kulturlivet om store og små prosjekt, konsertar, festivalar og arrangement. Eit viktig satsingsområde for museet er folkemusikk og folkedans. Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strøndafjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum. Konsert 1, Festsalen. Klassiske tonar med Eldbjørg Hemsing (fiolin), Raphaela Gromes (cello) og Julien Quentin (klaver) Lengde: 20 min Program Frédéric Chopin: Waltz op. 64 nr 2 i ciss-moll Clara Schumann: Klavertrio g-moll, op. 17. 3. sats Felix Mendelssohn: Klavertrio nr. 1, op. 49. 1. sats Konsert 2, Rognebygningen. Folkemusikkstund med Unni Løvlid (song) og Johannes Martens (cello og hardingcello) Lengde: 20 min Menneske har alltid vandra – over heile verda, til alle tider. Frå uro og naud har dei søkt mot betre kår, for seg sjølve og for dei dei er glade i. Dette er dessverre eit brennaktuelt tema også i vår tid. Inspirert av Franz Schubert presenterer den folkekjære tradisjonsberaren og fornyaren Unni Løvlid songar om vandring og forflytting – både i tid og rom. Cellisten Johannes Martens akkompagnerer på sin nylaga hardingcello, bygd av felemakar og spelemann Ottar Kåsa. Johannes Martens var den første som bestilte ein hardingcello frå Ottar, som til no har bygd tre slike. Dette er første gongen desse to framifrå musikarane møtest i samspel. Konsert 3, Slidrehuset. Forteljarstund med Hanna-Maria Grønneberg (skodespelar) Lengde: 20 min Skodespelar Hanna-Maria Grønneberg inviterer til ei intim og nær forteljarstund under Hemsingfestivalen. Med varme, nærvær og sterk formidlingsevne tek ho publikum med inn i si eiga forteljingsverd, der små augeblink og store kjensler møtest i levande form. Grønneberg er utdanna ved Teaterhøgskulen og har gjort seg bemerka både på scena og i ulike formidlingsprosjekt for born og vaksne. Ho har ein særskild evne til å skapa kontakt med publikum – og gjera det nære og enkle til noko djupt gripande.

Del

Flere klassiske konserter i Innlandet

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.