Rakfisk Forte Fortissimo
Om konserten
Cecilie Løken (fløyte) Ragnhild Hemsing (fiolin), NN (bratsj) og NN (cello) FRAMR folkemusikk (13 min) Debussy: Syrinx (3 min) Cecilie Løken (fløyte) Sommerfeldt: Vårlåter (7 min) Cecilie Løken (fløyte) Konserten startar kl.15.00 og blir etterfølgd av middag på Noraker Gård. Både ferskvare og godt laga og lagra står på bordet og programmet. Unge talent og erfarne musikarar bidreg med musikalske godsaker. Etter dette kan ein gi seg hen til dei mange rettane og variantane frå Noraker Gård. Gjennom mange hundreår har vi sett korleis mat og musikk går godt saman. Musikken kan vere anten aperitiff eller dessert, men ofte er han hovudrett. Når Hemsingfestivalen landar på Noraker, blir det først musikk og så rakfisk i mild, lagra eller vellagra variant. Eller nokre andre variantar, gjerne serverte med den eminente sennepssausen deira. FRAMR er Hemsingfestivalens satsing på eit talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk der utøvarane kjem frå begge sjangrar. Programmet har som mål å gi innsikt i kva folkemusikken har å seie for den klassiske musikken, og omvendt. Det blir musikalske smakebitar frå noko av det dei unge musikarane har jobba med dei siste dagane. Programmet spenner frå Mozart og Debussy til norsk folkemusikk og Sommerfeldt. Vi får høyre Mozart si første fløytekvartett nr 1, framført av Cecilie Løken, Ragnhild Hemsing og musikarar frå Ensemble Allegria, før FRAMR-musikarane inviterer inn i folkemusikken. Cecilie Løken framfører Debussys «Syrinx», og konserten blir avslutta med Sommerfeldts «Vårlåter». Slik speglar programmet også FRAMR sitt mål om å utforske møtet mellom folkemusikk og klassisk musikk. Program: Mozart: Fløytekvartett no 1 i D-Dur (17 min)
Program
Medvirkende
Hemsingfestivalen 2027
Intime møte med stor musikk 25.–28. februar 2027 Hemsingfestivalen blir arrangert årleg i Aurdal, ei lita fjellbygd i Valdres med 700 innbyggjarar og rike kulturtradisjonar. Festivalen samlar folkemusikk og klassisk musikk i samspel, midt i eit landskap som har inspirert både Edvard Grieg og Knut ...
Se Hemsingfestivalen 2027- Cecilie Løken
- Ragnhild Hemsing
LYTT TIL MUSIKK AV KONSERTENS KOMPONISTER
Opprett en gratis Live Klassisk bruker for å lytte
Flere konserter med Ensemble Allegria
Også i Aurdal samme uke
Mer Wolfgang Amadeus Mozart
Mer kammermusikk
De mest populære de neste 2 månedenePublikums topp 10
Det flest vil gå på de neste 90 dageneNyhetsbrevet
Få det beste fra Live Klassisk hver måned
Håndplukkede konserter, nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder, artikler og anmeldelser, konkurranser og rabatter. Gratis, og du kan alltid melde deg av.
Dette får du
- Håndplukkede konserter hver måned
- Nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder
- Artikler og anmeldelser
- Konkurranser, rabatter og annen moro
