Større ensembler
Hemsingfestivalen 2027

Musikksporet: Nordiske landskap – frå vårlys til skumring

Fredag 26. februar 2027, 13:00Aurdal fjellkirke, Aurdal

Om konserten

Svendsen - Alt under Himmelens feste (3. min Grieg - Våren (5 min) Nielsen - Little suite (15 min) Atterberg - Suite nr. 3 (12 min) Sibelius - Valse triste (4 min) Utøvare: Ensemble Allegria Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte ein time med klassisk musikk før du tek på deg skia og held fram med skituren. Eit konsertprogram fylt av nordisk klang, natur og stemning. Her møtest fest og folkedans, vårens forventning, lyse sommarbilete og stille vemod. Konserten opnar med Edvard Griegs elegante og leikne Holbergsuite, før Johan Svendsens høgtidelege Alt under Himmelens feste løfter blikket mot det storslåtte og himmelvende. Med Griegs Våren trer vi inn i eit lysare og meir lyrisk landskap – ei musikalsk skildring av naturens oppvakning. Vidare går ferda til Carl Nielsens sprudlande Little Suite og Kurt Atterbergs fargerike Suite nr. 3, før Jean Sibelius’ gripande Valse triste rundar av konserten med ein heilt annan tone: mørkare, stillare og meir ettertenksam. Frå fest og folkedans til vårens forventning, nordisk natur og stille vemod – eit program som speglar breidda og det rike kjenslelandskapet i nordisk musikk. Program: Grieg - Holbergsuite (20 min)

Program

Medvirkende

Hemsingfestivalen 2027
Festival

Hemsingfestivalen 2027

Aurdal

Intime møte med stor musikk 25.–28. februar 2027 Hemsingfestivalen blir arrangert årleg i Aurdal, ei lita fjellbygd i Valdres med 700 innbyggjarar og rike kulturtradisjonar. Festivalen samlar folkemusikk og klassisk musikk i samspel, midt i eit landskap som har inspirert både Edvard Grieg og Knut ...

Se Hemsingfestivalen 2027
Ensemble Allegria
Ensemble

Ensemble Allegria

Kammerorkester · Oslo
Se Ensemble Allegria

LYTT TIL MUSIKK AV KONSERTENS KOMPONISTER

Opprett en gratis Live Klassisk bruker for å lytte

Flere konserter med Ensemble Allegria

Også i Aurdal samme uke

Mer Edvard Grieg

Publikums topp 10

Det flest vil gå på de neste 90 dagene
Flere klassiske konserter i Innlandet

Nyhetsbrevet

Få det beste fra Live Klassisk hver måned

Håndplukkede konserter, nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder, artikler og anmeldelser, konkurranser og rabatter. Gratis, og du kan alltid melde deg av.

Dette får du

  • Håndplukkede konserter hver måned
  • Nytt fra festivaler, ensembler og spillesteder
  • Artikler og anmeldelser
  • Konkurranser, rabatter og annen moro