Tilbake til festivaler
Gloppen musikkfest

Gloppen musikkfest

2. sep. - 6. sep.

Gå til nettsiden
Gloppen Musikkfest starta i 2003 som ei foreining og eit treff mellom gode musikarvener. I 2008 vart Stiftinga Gloppen Musikkfest etablert. I 2013 - på den ellevte festivalen - feira vi ti-årsjubileum. Med festivalen i 2022 og anna aktivitet gjennom året ladar vi opp til 20-årsjubileum neste år. Gjennom åra har GMF som organisasjon endra seg mykje – men kjernen er den same: Musikkfesten har som mål å skape eit aktivt kunst- og kulturmiljø på høgt kunstnarleg nivå - ikkje berre i Gloppen, men i heile fylket. Den kunstnarlege visjonen har vore nedfelt i vedtektene våre sidan oppstart i 2003. Frå 2013 har GMF gjort grep og fått viktig støtte frå mellom anna fylkeskommunen, Kulturrådet og Gloppen kommune i arbeidet med å verta ein klassisk musikkfestival for heile fylket. Dei siste åra har vi og lagt vekt på å skipe til konsertar og anna gjennom året, m.a. med satsinga på unge klassiske utøvarar frå fylket - dei siste to åra med STARTGROPA.
Se alle årganger av Gloppen musikkfest (4)

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.