Haugen og Tvilde i Agatunet
About the concert
Endeleg saman på scena! Haugen og Tvilde vaks opp på kvar si side av Sørfjorden. Likevel har deira musikalske vegar aldri kryssa kvarandre - før no. Haugen er forankra i den klassiske musikken, medan Tvilde er folkemusikar. Repertoaret vert ein god blanding folkemusikk, Edvard Grieg, Geir Tveitt og Franz Schubert - og kanskje ei cabaretvise eller to. Agatunet er eit freda klyngetun på Aga i Ullensvang ved Sørfjorden. Den eldste bygningen i tunet er Lagmannsstova frå 1220. Agatunet er ein del av Hardanger og Voss museum. Lagmannsstova er den einaste attståande delen av eit større bygningskompleks som vart reist som eit administrasjonsanlegg etter europeisk modell, og vart nytta til representasjon, som bustad og som rettslokale. Anlegget hadde og eige stavbygd kapell. Resten av bygningsmassen vart riven i 1811. I dag er Lagmannsstova det einaste huset av sitt slag i Noreg, og eit av dei best ivaretekne sekulære mellomalderbygg me har i landet.
Programme
Performers
- Amalie Kinsarvik Tvilde
- Olve Haugen
The venue: Agatunet
The newsletter about classical music across the Nordics
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
