Concerts
Geiranger
Festspela i Geiranger

Bach i høgda

Jadran Duncumb, Huw Daniels
Saturday 28 September 2024, 11:00Geiranger Skywalk, Geiranger

About the concert

Denne konserten kunne hatt mange titlar, men det som er heilt sikkert er at her får vi med oss to av Englands beste barokkmusikarar opp på ein høg fjelltopp for å spele musikk dei elskar. Evigunge Johann Sebastian Bach får ein stor del av konserten, men også hans vener og samtidige får plass. Her ventar virtuositet, inderlege melodiar og gneistrande samspel i dei unike lokala 1500 m.o.h. Det er verkeleg to topp-musikarar publikum får møte her på Fjelltoppen. Jadran Duncumb har m.a. vunne 1. pris i “Maurizio Pratola”-konkurransen, og den høgthengande “Diapason d’Or” for innspelinga si av Bach-musikk for lutt. Huw Daniels er prisvinnande fiolinist som leier og spelar med anerkjende orkester som “Orchestra of the Age of Enlightment” og “King’s Consort”, begge rekna mellom dei fremste barokkensembla internasjonalt. Ein konsert med desse to i samspel vert garantert ei unik oppleving på fjelltoppen 1500 m.o.h. Geiranger Skywalk Dalsnibba byr på ein unik utsikt over fjell og fjord og lagar ei fantastisk ramme rundt konsertopplevinga. Vi tilbyr som vanleg felles busstur opp, og byr på lokalkjent guide for å gjere opplevinga komplett. Det vert tid til å nyte utsikten, og å kjøpe svele eller noko anna å bite i i kafeen. Bompengar er inkludert i billetten. Tid: Laurdag 28.september kl 12.00. Avreise frå Norsk Fjordsenter kl 11.00 Stad: Geiranger Skywalk Dalsnibba. Obs: oppmøte ved Norsk Fjordsenter.

Programme

Performers

Musicians
  • Jadran Duncumb
  • Huw Daniels

The newsletter about classical music across the Nordics

Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.