Galdre på kammerset
About the concert
Galdre er ein sinfonietta med 14 musikarar, og på denne matinékonserten får publikum oppleva ensemblet i eit meir intimt og fleirfaldig format. Gjennom kammarmusikk i mindre besetningar viser ensemblet både breidda i uttrykket sitt og fleksibiliteten som ligg i samspelsforma. Programmet spenn i frå energisk og elegant fransk kammermusikk til ny norsk samtidsmusikk, og byr på både kjende namn og nye stemmer. På konserten står mellom anna Francis Poulenc sin sekstett for piano og treblåskvintett og trio for trompet, horn og trombone på programmet, saman med 2. sats frå Torstein Aagaard-Nilsen sin trombonekonsert for trombone og skarptromme. Kvelden blir òg ei særleg høve til å oppleve urframføringa av Torbjørn Haaland sitt verk Curves and Points for bassklarinett og slagverk. Dette blir ein konsert med stor variasjon i klang, uttrykk og besetning – tett på musikarane, tett på musikken. Foto: Van3ssa_, Pixabay
Programme
LISTEN TO MUSIC BY THE CONCERT'S COMPOSERS
Create a free Live Klassisk account to listen
The venue: Sentralen - Forstanderskapssalen
More concerts nearby
The newsletter about classical music across the Nordics
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
