Opera
Crossover

Del

Adresse

1 Kirsten Flagstads Plass,
0150 Oslo

Beskrivelse

Broadwaymusikal om Don Quijote Denne Broadwaymusikalen er basert på det som blir rekna som Vestens første verkelege roman, Don Quijote av Miguel de Cervantes. Riddaren frå La Mancha legg ut på ei ferd i kampen mot all urett, men mykje av handlinga finn stad i hans eiga hovud. På jakt etter det gode i ei mørk verd Forfattaren Cervantes er fengsla i Sevilla. Medan han er der, set han ved hjelp av medfangar opp eit teaterstykke om den galne riddaren Don Quijote, som eigentleg er godseigaren Alonso Quijana. Han har mist forstanden etter for mykje grubling over menneskets blodige framferd, og no er han altså overtydd om at han er ein riddar. I lag med den trufaste tenaren sin, Sancho, søkjer han å rette all urett og finne det gode i ei verd full av mørke og fortviling. Dei legg ut på ei riddarferd som går føre seg like mykje i Quijote sitt hovud som i den verkelege verda. Vindmøller vert til mørkemenn og vertshus til slott, og den slitne vertshusjenta Aldonza vert for Don Quijote den fagre Dulcinea. Populær Broadway-musikal Musikalen Mannen frå La Mancha er skriven av Dale Wasserman, med songtekstar av Joe Darion og musikk av Mitch Leigh, og vart framført for fyrste gong i 1965. Den er ein adapsjon av TV-programmet I, Don Quixote, som Wasserman skreiv manuset til i 1959. Broadway-debuten til musikalen i 1965 vann fem Tony-Awards og vart spelt heile 2 328 gongar over seks år. Songen The Impossible Dream frå stykket vart enormt populær, og er mellom anna utgjeven på plate av Frank Sinatra, Sammy Davis Jr. og Elvis Presley. I 2005 framførde Aretha Franklin songen i gravferda til menneskerettsførekjemparen Rosa Parks. Gjestespel frå Opera Nordfjord MUSIKALSK LEIING Michael Pavelich REGI Aksel-Otto Bull SCENOGRAFI OG KOSTYMER Åse Hegrenes LYSDESIGN Arne Kambestad KOREOGRAFI Candice Bredesen Originalproduksjon Man of La Mancha Tekst: Dale Wasserman Musikk: Mitch Leigh Songtekstar: Joe Darion Regi originalproduksjon: Albert Marre Man of La Mancha is presented by arrangement with Concord Theatricals Ltd. on behalf of Tams-Witmark LLC. www.concordtheatricals.co.uk and Nordiska ApS www.nordiska.dk Roller Don Quixote: Espen Langvik Sancho Panza: Jan Erik Fillan Aldonza: Eli Kristin Hanssveen Vertshushaldaren: Trond Gudevold El Padre: Erlend Tvinnereim Dr. Carrasco: Eirik Risholm Velle Barberen/song i prolog/spegelriddarsvein: Eivind Kandal Antonia/Fermina: Elisabeth Gimmestad Pedro/hest/gitarist: Simon Pavelich Anselmo/hest/spegelriddarsvein: Asbjørn Hagen Maria/Hushalderska til Alonso Quijana: Rønnaug Torheim Josè/spegelriddarsvein: Paul Jacob Helgesen Juan: Bård Stian Dalseth Paco/spegelriddarsvein: Håvard Furnes Kaptein i Inkvisisjonen: Alexander Standal Pavelich Vakter i Inkvisisjonen: Berner Midthjell, Erlend Åshamar Eriksen

Del

Meld deg på vårt nyhetsbrev, og få siste nytt fra Live Klassisk.

Live Klassisk
Kontakt

+47 98670803
info@liveklassisk.no

Live Klassisk
Org nr: 932392364

Copyright © 2025 Live Klassisk • Personvern og cookies