Festkonsert

31. aug.

19:00 | 2024

Pekka Kuusisto

,

Olve Haugen

,

Julie Kleive

,

Halvor Festervoll Melien

,

Amalie Kinsarvik Tvilde

Lagre

Anbefal

Symfonisk
Samtidsmusikk

31. aug.

19:00 | 2024

Billetter
Billetter
Symfonisk
Samtidsmusikk

Del

Adresse

,
5781 Lofthus

Beskrivelse

PROGRAM Edvard Grieg: Preludium frå Holbergsuiten Camille Saint-Saëns: Panis Angelicus Mariano Mores: Tanguera Wolfgang Mozart: Divertimento in D major, K136 Marcus Paus: "Den hemmelige sommer" Caroline Shaw: Plan & Elevation, V - the beech tree Johan Svendsen: Romanse Georg Friedrich Händel: Honour and arms Tom Willy Rustad: Fars polsdans Pjotr Tchaikovsky: 2. sats frå strykeserenaden M KONSERTEN Musikalsk festkveld! Velkomen til ein uforgløymeleg konsert fylt med ein herleg musikalsk miks! Under leiing av Pekka Kuusisto, vil Det Norske Kammerorkester vera husorkester for kvelden. Me opnar med preludium frå Grieg sin majestetiske Holbergsuite. Olve Haugen tek oss deretter med til det sakrale hjørna med Saint-Saëns' vakre Panis Angelicus. Ein lidenskapeleg tango bringer oss vidare og byr på eit snev av argentinsk glamour. Forvent rytmisk energi og kjenslelada dans. Mozart sitt Divertimento i D-dur er typisk for Mozart sin tidlege stil. Allegro-satsen er energisk og melodisk, med spenstig rytmisk driv. Andante-satsen har ei meir lyrisk stemning med vakre harmoniar og søte melodiar. Presto-satsen avsluttar stykket med raskt tempo og sprudlande energi. Julie Kleive trollbind stadig sitt publikum med sine personlege tolkingar av ord og tonar. I kveld har ho med seg eit dikt av André Bjerke, tonesett av Marcus Paus. Reisa går så vidare til USA og komponisten Caroline Shaw. Ho har skive verket “Plan & Elevation” inspirert av hennar favorittstadar. Me får høyra “Bøketreet”. Svendsens Romanse gjev oss ein smak av den norske musikkarven i finsk fortolking ved Pekka Kuusisto. Frå det romantiske til det majestiske; baryton Halvor Festervoll Melien gjer “Honour and arms “ frå Händels opera “Samson”. Amalie Kinsarvik Tvilde har med seg durspelet og tek oss trygt tilbake til Noreg med ein pols av Tom Willy Rustad. For anledningen i samspel med Det Norske Kammerorkester. Me avsluttar kvelden med 2. sats frå Tchaikovskys vakre Serenade. Tchaikovsky fangar den luftige stemninga og flyten i ein tradisjonell vals, samtidig som han legg til sin eigen musikalske signatur med rike harmoniar og orkestral djupn.

Del

Flere klassiske konserter i Vestlandet

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.