29. nov.
19:00 | 2024
29. nov.
19:00 | 2024
Del
Adresse
Love Your Latency
Beskrivelse
I prosjektet Love Your Latency improviserer musikarar saman på tvers av geografiske avstandar. På denne konserten speler musikarar i Levinsalen saman med musikarar som oppheld seg i Trondheim og Kristiansand. Parallelt med konserten på NMH, blir den same, eller snarare ein variant av den same konserten, spelt i dei to andre byane. Teknologien gjer samspelet mogleg, samtidig som den tvingar både publikum og musikarar til å tenkje annleis om mellom anna samhald, samspel og «timing». Det kunstnarlege forskingsprosjektet Love Your Latency omfamnar dei digitale forstyrringane og fantaserer om ei framtidig hybrid konsertform. Prosjektet er eit samarbeid mellom CreaTeME (Senter for framifrå utdanning), Noregs musikkhøgskole, Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet (NTNU), Punktfestivalen og Kilden teater og konserthus i Kristiansand. Medverkande På scena i Oslo Torben Snekkestad (treblås og elektronikk) Lene Grenager (cello) Ivar Grydeland (steel-gitar) På scena i Kristiansand Jan Bang (live-sampling og elektronikk) På scena i Trondheim Veslemøy Narvesen (trommer) Michael F. Duch (kontrabass) Gratis. Foto: Remi Angeli, Peer Kugler
Del
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
