Esther Yoo
,Rune Bergmann
Lagre
Anbefal
28. aug.
19:00 | 2025
Bystyresalen, Ålesund rådhus
Ålesund
Adresse
Keiser Wilhelms gate 13,
Ålesund
MOZART OG PIAZZOLLA I BYSTYRESALEN
Esther Yoo
,Rune Bergmann
Beskrivelse
PROGRAM Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791) Symfoni nr. 40 i g-moll, KV 550 Ástor Piazzolla (1921-1992) Cuatro Estaciones Porteñas (Fire årstider fra Buenos Aires) Medverkande: Esther Yoo - fiolinsolist Rune Bergmann - dirigent TrondheimSolistene Blåsarar frå Sjøforsvarets musikkorps Opplev Mozarts dramatiske Symfoni 40 og Piazzollas lidenskapelege Fire årstider i Ålesunds bystyresal, som blir forvandla til konsertsal for høvet. Den internasjonalt anerkjende fiolinisten Esther Yoo leier TrondheimSolistene gjennom ei musikalsk reise frå Wiens klassiske eleganse til Buenos Aires sine årstider. Esther Yoo og TrondheimSolistene, forsterka med blåsarar frå Sjøforsvarets musikkorps, gir oss ein heilt unik kveld - eit intimt møte mellom publikum og musikk i eit rom der viktige avgjerder vanlegvis blir tekne, men i kveld blir fylt med store kjensler - og samspel. Har du ikkje vore i denne salen før, er dette eit gyldent høve! Mozart skreiv sin g-moll-symfoni i ein av sine mørkaste periodar, medan Piazzolla gav Vivaldis kjende årstider eit moderne, argentinsk preg. To geni sine møte med tida - den eine æveleg, den andre revolusjonerande.
Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk
Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.
