Love Your Latency

Lagre

Anbefal

Samtidsmusikk
Crossover
Billetter
Billetter
Samtidsmusikk
Crossover

Del

Adresse

11 Slemdalsveien,
0363 Oslo

Love Your Latency

Beskrivelse

I prosjektet Love Your Latency improviserer musikarar saman på tvers av geografiske avstandar. Love Your Latency er ei unik og tankevekkande konsertoppleving. Konserten foregår parallelt i Kilden og på Noregs musikkhøgskole i Oslo. Du møter fire musikarar på scena i Kristiansand, i samspel med fire musikarar på scena i Oslo. Teknologien gjer det mogleg for dei årvakt lyttande musikarane å spele saman trass stor geografisk avstand. Konsertsalane er fylte med musikarar som er fysisk til stades, og lyd- og bileteoverføring frå musikarar 320 km. unna. Saman utforskar musikarar samspel og improvisasjon over internett. Eit utvida her og no: Publikummet i Oslo og publikummet i Kristiansand vil oppleve den same konserten, men betraktar han frå heilt ulike vinklar. Samtidig gir konsertforma heilt spesielle kunstnarlege rammer også for musikarane. Reisetida for lyd og bilete mellom Kristiansand og Oslo, og forvissinga om at det er to ulike fysiske rom, to ulike publikumsgrupper som blir foreina, skaper ein særeigen situasjon. «Her og no» er faktisk ikkje identisk i dei to konsertsalane. Eller sagt på ein annan måte – konserten utfordrar det vi vanlegvis betraktar som «her og no». På denne måten utfordrar og utforskar musikarane viktige mellommenneskelege prinsipp som tilstadeverande, lytting og fellesskap. Medverkande: På scena i Kristiansand: Torun Eriksen (vokal) Torben Snekkestad (treblås) Ivar Grydeland (pedal steel-gitar) Veslemøy Narvesen (trommer) På scena i Oslo: Michael F. Duch (kontrabass) Lene Grenager (cello) Zoe Efstathiou (preparert piano) Egil Kalman (modulærsynth) Love your Latency er eit samarbeidsprosjekt mellom Senter for framifrå utdanning: Creative Use of Technologies in Music Education (CreaTeME) ved UiA (createme.uia.no), Kilden teater og konserthus (kilden.com), Noregs musikkhøgskole og NTNU (ntnu.no). Prosjektet er støtta av Cultiva (cultiva.no). CC: Gratis Foto: Alf Solbakken

Del

Flere klassiske konserter i Oslo

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.