Musikksporet

20. feb.

13:00 | 2026

Ingeborg Christophersen

,

André Lislevand

,

Lilli Maijala

Lagre

Anbefal

Lytt

Kammermusikk

20. feb.

13:00 | 2026

Billetter
Billetter
Kammermusikk

Del

LYTT TIL MUSIKK AV KONSERTENS KOMPONISTER

Opprett en gratis Live Klassisk bruker for å lytte

Adresse

13 Middelskulevegen,
Aurdal

Musikksporet

Ingeborg Christophersen

,

André Lislevand

,

Lilli Maijala

Beskrivelse

Program: Georg Philipp Telemann: Frå Ouverture og suite for gambe og orkester: Ouverture,Trompette, Sarabande og Bourree André Lislevand (gambe) og Barokkanerne Georg Philipp Telemann: Bratsjkonsert i G-dur Lilli Maijala (bratsj) og Barokkanerne Franz Schubert: Frå Arpeggione Sonate «Allegro Moderato» André Lislevand (gambe), Jadran Duncumb (lutt) og Barokkanerne Georg Philipp Telemann: Konsert for gambe og blokkfløyte André Lislevand (gambe), Ingeborg Christophersen (blokkfløyte) og Barokkanerne Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, setje frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte ein time med klassisk musikk før du tek på deg skia og held fram med skituren. Om du kjem rett frå skitur eller berre vil nyte barokkmusikk frå øvste hylle, spelar lita rolle. Barokkanerne er Noregs leiande barokkensemble og har med seg delar av eit program som snart kjem ut som eit album. Bratsjfantomet Lilli Maijala er også solist med Barokkanerne i denne konserten, som garantert blir ei fin oppleving når du kjem inn frå den friske fjellufta. Dei klassiske instrumenta vi kjenner frå orkestera i dag, vart utvikla på 1500- og 1600-talet, og sidan andre halvdel av 1700-talet har det berre vore små forandringar. Men før det fanst det ei rekkje instrument som er litt sjeldne i dag, og som var svært populære. Lutten, blokkfløyta og gamben hadde sine storheitstider på 1500- og 1600-talet – og i dette programmet får vi høyre kvifor! Konserten bringar saman virtuos musikk som er skriven for nettopp desse gamle instrumenta: ville gambesoloar og frodige linjer for blokkfløyte og lutt, spelte av Noregs fremste utøvarar under leiing av Jadran Duncumb frå hans teorbe. Her møtest stilretningar og uttrykk i eit mangfaldig og overraskande barokklandskap. Telemann var kanskje den mest produktive komponisten i musikkhistoria, og han spelte sjølv både blåseinstrument, strengeinstrument, orgel og cembalo. Han var faktisk så gjerrig at han sjølv graverte inn notane på koparplater før han trykte dei og seinare selde dei. Telemann var aktiv i Hamburg i store delar av livet og skreiv kyrkjemusikk, opera og kammermusikk. Det finst knapt det instrument og sjanger han ikkje skreiv for. Programmet begynner med utdrag frå ein suite for gambe og orkester, den einaste bevarte av sitt slag. Ein stort anlagd ouverture blir etterfølgd av korte dansesatsar der orkesteret og sologamben går i dialog. Telemann levde fram til 1767, men bratsjkonserten er frå perioden 1716–1721 og er ein av dei tidlegaste konsertane vi kjenner til for bratsj og orkester. På denne tida var bratsjen først og fremst eit ensemble- og orkesterinstrument, men Telemann utnyttar det sonore alt-registeret til bratsjen. Det begynner i det mørke og bevegar seg langsamt oppover i oktavane. Konserten er i den gamle «sonata da chiesa-forma» og har fire satsar: langsam – hurtig – langsam – med ein avsluttande rask presto. Schuberts mest kjente sonate er utvilsamt «arpeggionesonaten». Men kva var eigentleg det for eit instrument? Arpeggionen vart oppfunnen i 1823 og forsvann rundt 1830. Han var i praksis ein gitar med celloboge eller ein gjenfødd gambe i gitarstemming. Dermed er det ikkje så overraskande at André Lislevand og Jadran Duncumb har arrangert 1. satsen for gambe og gitar, når vi ser alle likskapane mellom arpeggionen og gamben. Georg Philipp Telemanns «Konsert i a-moll» for blokkfløyte, viola da gamba og orkester er den store publikumsfavoritten på konsertscener over heile verda med sine svingande dansar, glitrande instrumentale parti og uanstrengte eleganse – og det einaste vi kjenner til med denne besetninga. Dette er ein konsert som let dei gamle instrumenta skine – ikkje som relikviar frå ei svunnen tid, men som levande og uttrykksfulle stemmer i barokkens fargerike musikkverd. Velkomen til Musikksporet i Aurdal fjellkirke!

Del

Flere klassiske konserter i Innlandet

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.