“Vivaldi i Valdres” Familiekonsert i Aurdal kirke

21. feb.

12:00 | 2026

Ragnhild Hemsing

,

Valdresstrykerne

,

Follofeler

Lagre

Anbefal

Lytt

Familiekonsert

21. feb.

12:00 | 2026

Billetter
Billetter
Familiekonsert

Del

LYTT TIL MUSIKK FRA KONSERTEN

Opprett en gratis Live Klassisk bruker for å lytte

Adresse

29 Valdresvegen,
2910 Aurdal

“Vivaldi i Valdres” Familiekonsert i Aurdal kirke

Ragnhild Hemsing

,

Valdresstrykerne

,

Follofeler

Beskrivelse

Hemsingfestivalen ynskjer å formidle musikkopplevingar også for dei yngste, og igjen inviterer me til ein eventyrdag for heile familien i Aurdal! Det blir uteaktivitetar i samarbeid med Aurdal IF og konsert inne i Aurdal kirke med Barokkanerne, Valdresstrykerne, Follofeler og Ragnhild Hemsing. Program Del 1: Kl. 12.00 “Vivaldi i Valdres”, familiekonsert i Aurdal kirke. Familiekonserten har me fått til ved hjelp av midlar frå Kulturrådet og Tom Wilhelmsens Stiftelse. Velkomen til familiekonsert og bli med den yngre generasjonen inn i ei verd av barokk- og folkemusikktradisjonar. Og opplev ei ny musikalsk tilnærming til både Hausten og Vinteren frå Antonio Vivaldis velkjente og kjære årstider. I tillegg til Vivaldi får vi høyre folkemusikk både frå Valdres og frå andre stader i Noreg. Det blir årstidene på norsk, med hardingfele,barokkinstrument og ornamenteringar frå Valdres. Barna og ungdommane som deltek på denne konserten, har vore saman ei helg alt, der dei fordjupa seg i barokk- og folkemusikk. Det er teke utgangspunkt i Ragnhild Hemsing sitt nyaste kunstnariske prosjekt "VIVALDI – dei fire norske årstidene". Vivaldis Fire årstider frå 1723 er blant dei mest berømte og framførte verka i musikkhistoria. Korleis vil desse populære konsertane klinge når dei blir spelte på hardingfele filtrert gjennom folkemusikktradisjonen frå Valdres? Svaret får vi gjennom eit unikt musikalsk eksperiment i regi av Ragnhild Hemsing og Barokkanerne, der møtet mellom italiensk barokkmusikk og norsk folkemusikk resulterer i eit program som er ulikt alt anna på marknaden. Valdres’ hardingfeletradisjon og Vivaldis musikk har mykje til felles, som rik ornamentering og improvisasjon, vakre melodiar og rytmisk sving. Som Ragnhild har også ensemblet Barokkanerne framført Årstidene mange gonger, og dei meiner verket er spesielt godt eigna til eit samarbeid med ungdommar. Vivaldi brukte sjølv musikken til å skildre naturen og folkelivet gjennom året, og nettopp desse folkemusikalske elementa i musikken gir oss ei oppleving på tvers av kunstnariske og kulturelle uttrykk. Del 2 Kl. 13.00 held familiedagen fram med ei løype med forskjellige aktivitetar for barn og vaksne ute, som aking, gjettekonkurranse, kasting på blink, kviss m.m. Til slutt i løypa ventar ein premie. Det er valfritt kva for aktivitet de er med på. Arrangementet er i samarbeid med Aurdal IF.

Del

Flere klassiske konserter i Innlandet

Norges fremste nyhetsbrev om klassisk musikk

Få oversikt over kommende konserter, festivaler og utvalgte anbefalinger fra hele landet.