Dickie Dick Dickens
About the concert
Ein radioteaterkonsert full av action, humor og skurkeri! Klar for eit gjensyn – eller ditt fyrste møte – med verdas farlegaste forbrytar? Den legendariske skikkelsen Dickie Dick Dickens er tilbake i ein ellevill radioteaterkonsert der spenning og musikk går hand i hand. Når erkerivalen Jim Cooper legg ein djevelsk plan for å ta han ein gong for alle, vert det dramatikk, overraskingar – og kanskje ein solid dose kaos. Ivar Nergaard fortel historia med si unike forteljarkunst, medan NyNorsk Messingkvintett sørgjer for lydeffektar du aldri trudde kunne koma frå messingblåsarar – frå geværsalvar til måseskrik og oppkast! Musikk og manus er skapt av Erlend Skomsvoll, inspirert av Paul Skoes radioteaterdramatisering for NRK, med tekst av Rolf og Alexandra Becker og musikk av Maj og Gunnar Sønstevold. Ein kveld spekka med humor, nostalgi og halsbrekkande action – anten du hugsar originalen eller oppdagar Dickie Dick Dickens for aller fyrste gong!
Programme
Performers
- Ivar Nergaard
The newsletter about classical music across the Nordics
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
