ContemporaryLarge ensembles
Borealis

Søte skogar og geometri av vatn

BIT20, Kai Grinde Myrann
Sunday 15 March 2026, 15:00Bergen Internasjonale Kultursenter, Bergen

About the concert

Gjennom åra har festivalen Borealis vore ein av BIT20 Ensemble sine viktigaste kunstnariske samarbeidspartnarar i byen, og saman har me presentert fleire konsertprogram med nye verk av levande komponistar. I år framførar BIT20 Ensemble eit spanande éin-times program med komposisjonar av Helena Tulve (Estland), Diana Soh (Singapore), Øyvind Torvund (Norge) og Hannah Kendall (Storbritannia) til konsertscena. Mellom stille introspeksjon og mekanisk jubel bygger programmet på musikalske kontrastar og visar fram dei mange fasettane ved Bergens fremste samtidsmusikkensemble. Med Helena Tulve sin Stream vert lyttaren introdusert for ein understraum av stille spenning, som til slutt kulminerer i det støyande stykket Neon Forest Space av Bergen sin eigen Øyvind Torvund. Diana Soh sitt verk Modicum (latin for «mål») inviterar lyttaren til refleksjon rundt instrumentalklangen sine kanta formar. Til slutt byr Hannah Kendall si ettertenksamme Even sweetness can scratch the throat på ein leiken avslutning for publikum, eit verk filtrert gjennom megafonar og radioeffektar. Med sitt varierte repertoar framstår denne konserten som ein poetisk og kraftfull kulminasjon av musikalske idear, og rundar av Borealis-festivalen 2026. Program Helena Tulve Stream (14’) Øyvind Torvund Neon Forest Space (13’) Diana Soh Modicum (15’) Hannah Kendall Even sweetness can scratch the throat (12’) På scena BIT20 Ensemble Kai Grinde Myrann dirigent Arena Bergen Internasjonale Kultursenter (BIKS) Dato 15. mars Konsert 15:00 Dørene opnar klokka 14.30

Programme

Performers

Borealis
Festival

Borealis

Bergen
See Borealis
BIT20
Ensemble

BIT20

Contemporary music group · Bergen
See BIT20
Musicians
  • Kai Grinde Myrann
More classical concerts in Bergen

The newsletter about classical music across the Nordics

Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.