Korks strykarar med Gimse og Gupta
About the concert
Rolf Gupta, dirigent Håvard Gimse, klaver Klaus Egge: Klaverkonsert nr. 2 Béla Bartók: Rumenske folkedansar Jean Sibelius: Rakastava John Adams: Shaker Loops Innimellom er det fint å dyrke klangen av strykarar aleine, og særlg når det er så mykje fin musikk å finne. Til å vere ein av dei viktigaste figurane i musikklivet i Noreg (komponist og kritikar mm), er det ikkje så ofte vi høyrer musikken til Klaus Egge i konsertsalane. Han lét seg inspirere av både den norske folkemusikken og dei nye musikalske strøymingane på 1900-talet. Klaverkonsert nr. 2 (Symfoniske variasjonar og fuge over ein norsk folketone) er skrive i 1944 og tek utgangspunkt i balladen Solfager og ormekongen. Solisten Håvard Gimse, ein av våre beste pianistar i fleire tiår, kjenner dette verket svært godt. Béla Bartók var òg kjend for å bruke folkemusikk i verka sine, og folkedansane frå Romania er ei vitamininnsprøyting av melodiar og danserytmar. Folkloren er til stades hjå Sibelius, men kanskje mest i inspirasjonen frå finsk folkedikting. Rakastava, Elskaren er henta frå samlinga Kanteletar. Kor er min kjære? Kor gøymer min kjære seg? Så veldig sterk folklore er det kanskje ikkje i Shaker Loops av den amerikanske komponisten John Adams, sjølv om tittelen kan peike mot kvekarane, som Adams har nokre minner av, men det er meir det skjelvande og vibrerande i musikken som slår lyttaren. I dette tidlege verket av Adams (1980) er han inspirert av minimalismen, kor små musikalske element gjentakast og som tittelen seier, går nokre av elementa i «looper» og bølger. Alt bidreg til Adams evne til å fange lyttaren i eit svært fengjande verk. Vi garanterer ein underhaldande kveld i Store studio, men det er òg avansert musikk, så Kork er glade for å få besøk av sin tidlegare sjefdirigent Rolf Gupta på podiet.
Programme
Performers
- Rolf Gupta
- Håvard Gimse
LISTEN TO MUSIC BY THE CONCERT'S COMPOSERS
Create a free Live Klassisk account to listen
The venue: NRK - Store studio
More concerts nearby
The newsletter about classical music across the Nordics
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
