Symfoniske drama - Borgstrøm, Byström og Brahms

Kringkastingsorkestret, Ingar Bergby, Leonhard Baumgartner
Friday 21 November 2025, 19:00Hamar kulturhus, Hamar

About the concert

Ingar Bergby, dirigent Leonhard Baumgartner, fiolin Britta Byström: A Walk to Brahms' Violin Concerto Hjalmar Borgstrøm: Jesus i Gethsemane, symfonisk dikt Johannes Brahms: Fiolinkonsert Annakvart år møtes dei beste unge europeiske musikarane til klassisk kappspel. I 2024 gjekk finalen av stabelen i Bodø. Sjølv om vi heia på den norske kandidaten (Sebastian Egebakken Svenøy), var det ikkje så vanskeleg å akseptere fiolinisten Leonhard Baumgartner som ein verdig vinnar. No kjem han tilbake for å spele ein av dei mektigaste og vakraste fiolinkonsertane frå romantikkens tidsalder. Å vere solist i fiolinkonserten til Brahms krev eit solid teknisk overskot og evne til å sjå dei store symfoniske linene i musikken. For slik var det Brahms skreiv sine instrumentalkonsertar: Orkesteret har ei like viktig rolle som solisten. Med den unge Leonard Baumgartner som solist kan vi forvente ei heilstøypt tolking. Nivået er skyhøyt når noen av Europas beste unge musikere møtes til konkurranse i Bodø. For å opne opp for Brahms får vi hjelp av den svenske komponisten Britta Byström. Ho har skrive «følgeverk», musikalsk fabuleringar omkring fleire ikoniske verk og no skal vi saman vandre mot Brahms. Komponisten som kanskje trong mest «forklaring» er paradoksalt nok norsk. Hjalmar Borgstrøm blei fødd ein liten generasjon etter Grieg. Kanskje kom han i skuggen av den vesle store meister frå Bergen, men han sto og for noko anna i musikken. Borgstrøm hadde blikket ut i Europa, heia på «programmusikken», den som skildra noko utanfor tonane, og han likte Wagner og tankane hans kring heilskap i kunsten (Gesamtkunstwerk). Og han var ikkje vidare glad i Brahms («Brahms? Kjedeleg!»). Orkesteret var instrumentet hans, og han skreiv fleire symfoniske dikt med dramatisk innhald. Lidingshistoria og tankane og kvalane til Jesus er handlinga i Jesus i Gethsemane frå 1904. Sjølv om handlinga høyrer påsken til, er orkester-meisterskapen og dramaet til Borgstrøm verd å lytte til heile året. Kan hende du blir forundra over krafta og det vide utsynet ein norsk komponist kunne ha for 120 år sidan. Kork speler konserten to gonger, og det er med stor glede dei gjestar Hamar Kulturhus igjen.

Programme

Performers

Kringkastingsorkestret
Ensemble

Kringkastingsorkestret

Symphony orchestra · Oslo
See Kringkastingsorkestret
Musicians
  • Ingar Bergby
  • Leonhard Baumgartner

LISTEN TO MUSIC BY THE CONCERT'S COMPOSERS

Create a free Live Klassisk account to listen

More classical concerts in Innlandet

The newsletter about classical music across the Nordics

Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.